tirsdag 13. april 2010

Facebookgenerasjonen

Er det eit fareteikn når store delar av tankevirksomheten vert brukt for å komme på ei slagkraftig setning for statusfeltet mitt, slik at eg er meir morosam og får fleire kommentarar enn dei 595 venene mine? Eller at eg venter på at vener skal logge seg på Facebook-chat'en slik at eg kan snakke med dei - i staden for å ringe eller sende ein sms?

Eg kom til å undre ein dag eg stod og vaska opp og tenkte ”Jill is…” hmmm kanskje ”Jill har ikkje oppvaskemaskin og må vaske opp for hand”.. Nei, ”Jill treng ein handy man som er god på kjøkkenet..” Det var då alle varsellampane blinka raudt. Eller var det kanskje blålystet frå ambulansen utanfor. Ein av fordelane med å bu eit par hundre meter frå legevakta.

Det verste er at eg har byrja gløyme kva eg gjorde før Facebook. Tenk at det skulle gå så langt at eg skulle seie ”Før Facebook”. Det er nesten like epokeavgjerande som ”før mobilen” eller ”før internett”. Og for underteikna kjennest litt vemodig at er så gammal at eg hugsar begge deler. Dei første åra eg budde på hybel (det heitte det då, før ”studioleilighet” vart eit moteord), måtte eg faktisk låne telefon av husverten (sjølvsagt mot betaling) eller bruke telefonkiosk. Men tilbake til tida før Facebook. Eg ønsker meg tilbake til den gongen eg var 20 og definert som del av Dessertgenerasjonen. Eg vil gjerne vere ein Crème brûlée.

fredag 9. april 2010

Fredag kom plutseleg!



Plutseleg fredag. Utan at eg heilt har fått med meg kva eg har brukt veka til. Men no er det atter helg og vår i lufta. Ein ny vår, som det heiter så fint. Eg tar fram støvsugaren og opnar ei flaske øl.
Eg kjenner meg som då eg var 16, på tide å finne fram dongerijakka (det var det den heitte då). Den fine steinvaska med overflod av små lommer med småstein som aldri heilt forsvann. Gå tur med klassevenninnene og håpe at ein av dei kjekke guttane i tredje klasse på allmenn skal kjøre forbi. Kanskje han med Golfen. GTI til og med. Me høyrer han på ein kilometers avstand, for han har sub i bagasjerommet og The Shamen på full guffe.. Kanskje me kan gå til bensinstasjonen og kjøpe smågodt for siste rest av vekepengane, og myse mot dei tøffe gutta som står bak hjørnet og røyker, eller speler på speleautomatane.
Men eit brak vekker meg frå ungdomsminnene frå landsbygda, vaskemaskina sentrifugerer så alt oppå brasar i flisene. På tide å ta helgeoppryddinga. Så kan eg drikke vin og sjå på gutta på Garage i morgon.

tirsdag 6. april 2010

Det boblar over

I dag boblar det over av kreativitet i mitt vesle hovud. Eg har så mange brilliante idear at det må vere noko gale. Eg ser kunstprosjekt i alt rundt meg og har strålande tankar om korleis eg skal møblere stove, kjøkken og soverom. Det er best eg ringer legen, eller kanskje eg skal stikke innom legevakta som ligg rett borti gata.. Men kanskje det rett og slett er det at eg har fått ut alt rotet frå boden i kjellaren som gjer heile skilnaden? Feng Shui i praksis?