fredag 20. juli 2012

Eg er glad

eg var nokså anonym i ungdomen. At eg aldri var mellom dei kule eller pene. Fallhøgda vert mindre då. Bitter seier du? Nei, tvert om. Stundom, når eg treff på dei kule frå ungdomsskulen, vidaregåande eller til og med frå studietida (den var jo ferdig i fjor) slår det meg: Dei har vorte så allminnelege. Både i utsjånad, framferd og levesett. Meir like meg. Dermed er eg nestan kul og fresh - eg har ikkje forandra meg mykje, er framleis ganske anonym, men står litt meir fram i forsamlingar. Tør å vere meg sjølv. Og sjølv om eg aldri vart noko svane, har mine år som den stygge andungen har lært meg å respektere ulike måtar å vere på. Håpar eg.


lørdag 19. mai 2012

Det vart med tanken

I dag hadde eg tenkt å skrive eit inspirerande blogginnlegg, morosamt, spissfindig og likevel til ettertanke. Humoristisk og tankevekkjande på same tid. Noko som gjev meining.
Det vart med tanken. Det same gjeld ryddinga av husværet. Det vart med tanken. Det er mykje ein drøymer om, skal gjere ein gong som berre sklir ut i ingenting.
Eg har nett lese eit minneord til Aleksander Dale Oen. Han lot det ikkje verte med tanken. Han gjorde noko. Han brydde seg ikkje om små hinder på vegen, og sa ikkje "eg skal berre" eller "eg kunne vorte ein god symjar, om ikkje.."

Mykje vert med tanken, og slik vil det nok alltid vere. Men alle kan me gjere litt meir av det me har lyst til medan me kan, ikkje klamre oss fullt så mykje til jantelov, men heller realisere fleire draumar og seie oftare at me bryr oss. Leve meir.

Eg hadde tenkt å vere morosam og spissfindig. Men i dag vart det andre ting som trengde seg på.

tirsdag 24. april 2012

Ironi og sjokolade

Eg er glad i ironi på grensa til sarkasme, og er kanskje litt for flittig i bruken av verkemiddelet. Dette gjekk for alvor opp for meg ein dag eg ga min kjære eit kompliment og han spurte om eg var spydig.. Det er òg han som har gjort meg oppmerksom på mitt umettelege behov for sjokolade, og hinta om at sjokoladen nesten betyr meir for meg enn det han gjer.. Planen er difor å kutte ned på ironiforbruket på same måte som eg forsøkjer å kutte ned på sjokoladen: Gradvis og med ei og anna velfortent utskeiing.

Begge delar er i grunnen like vanskeleg.

Tilbake til ironien. Den har vore mitt våpen når kvardagen slår litt for hardt frå seg. Som når ein har tenkt å gå tidleg frå jobb ein fredag, og det haglar inn med hasteoppgåver. Då er det berre å nikke fint og seie "Ja, sjølvsagt - det er alltid like kjekt å bruke fredag ettermiddag på kontoret. Eg hadde jo ingen andre planar." Og om ein er riktig heldig, forstår ikkje mottakaren den krasse undertonen i stemma, og ein får enda eit par oppdrag på toppen.

Kanskje eg må endre strategi. Eg klarar ikkje å kutte både søtsaker og sarkasme. I alle høve ikkje samstundes. Difor lanserer eg ein ny strategi: Bitrare sjokolade og søtare ironi. Fungerer det, vel?