mandag 3. juni 2013

Det kriblar

Det er vår, snart sommar. Det kriblar i kroppen. Den velkjende kjensla kjem tilbake kvart år, like sikkert som at knoppane sprett på trea, og breier seg frå topp til tå.
Forelska, seier du? Nei, dessverre. Våryr? Langt i frå. Det er noko anna som gjev meg denne altoppslukande kjensla. Nokre mikroskopiske kunstferdige figurar er opphavet: Pollen.
Velkommen vår, farvel uteliv.



Biletkjelde: The Naked Scientists

søndag 2. juni 2013

Sjølvhjelp og oliven

Sjølvhjelpsdronninga. Der har du meg. Ikkje fordi eg har kontroll på alt, snarare tvert om. Eg sluker det meste som er å lese innan feltet sjølvhjelp, og mellom titlane i bokhylla mi (eller akkurat no i ei eske i ei bod hjå eks-sambuaren min) finn ein både "Hemmeligheter for kvinner", "Lykkeformelen", "Tankekuren" og "Hvordan rekke alt og likevel få tid til deg selv". I tillegg står eg på ymse mailinglister, og eg har lasta ned både  "Catch Him and Keep Him" og "Have The Relationship You Want".  Og sjølvsagt prøvd lydspor med Mindfulness, medan eg stadig såg på klokka for å sjekke kor lang tid eg hadde brukt.

Håpet har alltid vore at eg plutseleg skal vakne opp og vere perfekt. Tynn (no modifisert til mindre feit), veltrent, trendy. Karriere som stadig utviklar seg. Til det betre, sjølvsagt. I ei seng med silkelaken, i draumehuset og med ein fantastisk mann ved mi side.
Rart at det enno ikkje har vorte slik, med tanke på all den informasjon eg har slukt rå og deretter drøvtygd.

Men eg har no plukka opp eit og anna tips. Nokre råd er enkle, andre litt verre. Og sjølvsagt er det noko i det at ein må elske seg sjølv før andre kan elske ein, og at det er korleis ein tar ting som gjer heile skilnaden. Men koreis GJER ein det?

Her er mi liste:

1. Start med å godta deg sjølv. Du treng ikkje elske deg sjølv eller seie kor fantastisk du er til spegelbiletet. Som den erfarne menneskekjennaren du er, ser du fort om du lyg..

2. Gå gradvis over til å like deg sjølv. Som med kaffi, øl, raudvin, mørk sjokolade eller oliven; du likte vel ikkje det første gongen du prøvde heller? Sjå på deg sjølv som noko sofistikert som treng litt modningstid før du likar. Og kanskje til slutt elskar.

3. Det kanskje aller mest effektive tipset, og ikkje minst det aller enklaste, har eg lært av å sjå på flyvertinnene under tryggleiksinformasjonen. Og nei, det er ikkje platinablondt hår, raud leppestift og påmåla brunfarge, sjølv om desse triksa nok òg kan kome til nytte. Det er ei nokså enkel frase, fritt omsett gjennom sjølvhjelpsfilteret: Hjelp deg sjølv, før du kan hjelpe andre. Eller sagt litt tydlegare; for å vere noko for andre, må ein først ha det bra med seg sjølv.

4. Du kan eventuelt gløyme alt du har lest, vere deg sjølv, og slutte å samanlikne deg med naboen, kollegaen og barndomsvenninna. Kanskje du då finn ut kva som fungerer for deg. Om du i tillegg aksepterer at dei rundt deg er som dei er, kan det til og med hende du får nye vener. Det er kanskje det rimelegaste, men dårleg nytt for sjølvhjelpsindustrien.

5. Om du framleis gidd å lese dette, og ventar på noko revolusjonerande, seier eg som Frode Øverli i Pondus: "Ta deg en bolle!"

Kjelder:
-Ymse dameblad gjennom mine 19 vaksne år (rekna frå 18 årsdagen, ja). 17 av desse åra vart levd som singel, så eg har rukke over ein del.
- Hemmeligheter for kvinner og ... av ...
- Rori Raye og Christian Carter sine nettsider.
- Mennene rundt meg. Både dei 
- "Syklubben".
- Tryggleiksdemonstrasjonen ombord på fly