søndag 26. desember 2010

"Det er vanskelig

å være beskjeden, når man er helt uten feil." Det sang Henning Fries på ønskekonserten på P1 då eg var lita. Og kanhende er den framleis eit fast innslag der, om søndagane.
Eg kjenner meg godt igjen i den teksten. Korleis lar det seg gjere å ikkje vere hovmodig når ein har alt? Eg har perfekt hud, perfekte kremgule tenner (i tråd med shabby chic stilen) perfekt figur (det er berre litt mykje av han her og der), god jobb og perfekt leilegheit (det er berre litt lite av han, i motsetning til figuren).
Eg har òg ein heilt eineståande humor. Den er faktisk så intrikat at det er kun eg sjølv som forstår han. Og så har eg ein perfekt mann. Han heiter Skybert, og det er ingen av mine vener som har noko å utsette på han. Høfleg og reinsleg, og nesten umerkeleg.
Eit perfekt liv med andre ord. Då er det vanskeleg å vere audmjuk.

(Link til sangen ved å klikke på overskrifta)

torsdag 9. desember 2010

F7

F7 er ein fin funksjon. Men den har kanskje gått av moten.
Eg undrar på om om nokon av dei som skriv kommentarar på artiklar i nettaviser og bloggar har høyrt om den? Eller kanskje det er ein del av sjarmen. Ikkje teiknsetjing i form av spørjeteikn eller komma, ingen skilnad på og/å, og subjekt og objektsform er det ikkje noko poeng å skilje på, meininga vert jo den same.
Setningar som "meg å minn vennine håller på å jobber me ett prosjekt om kommunikaskjon å samarbeid, å vi sjenner gått til sånne probblemer" er det vel ikkje noko å utsetje på?

onsdag 8. desember 2010

Long time

no blogginnlegg..
Kva har hendt? Er eg i ferd med å skrive tidenes beste blogginnlegg? Har eg slått følgje med Brødrene Dal på jakt etter spektralsteinar? Er eg ikkje lenger singel?
Følg med, følg med i neste episode av "ein rar og morosoam spalte"!

tirsdag 26. oktober 2010

Tøys og fanteri

har det blitt lite av i bloggen i det siste. Det må eg kanskje gjere noko med.
Når eg les dei siste blogginnlegga mine framstår eg som ei bitter gammal peppermø, og det stemmer ikkje heilt. Håpar eg. Riktignok byrjar eg å dra litt på åra, men er jo ikkje direkte gammal enno. Og bitter håpar eg ikkje er rette skildringa, eller kanskje litt, som i bittersøt mørk kvalitetssjokolade. Men den velklingande tittelen peppermø er korrekt, eg er jo ikkje gift - og eg har framleis ein god del pepper i kjøkkenskapet etter 30-årsdagen for 4 år og 4 månader sidan.

Tilbake til tøys og fanteri. Den største bonusen med å vere singel er nettopp det at det ikkje er ein betre halvdel der som irriterer seg eller tar skade av dei sære og mindre kloke krumspringa ein gjer. Som å ha ein meny med kun havregraut laga av vatn i to veker fordi alle pengane har gått til klede, konsertar og øl, bytte ut middag med 200 g melkesjokolade, eller hoppe i sølepyttar på veg heim frå trening. Det siste skulle eg forresten klart å sno meg unna, sko og klede var jo likevel gjennomblaute. Det var absolutt ikkje noko å vinne på å gå i sikksakk rundt alt det våte. Kanskje litt verre å forklare at eg tok skikkeleg sats og avslutta med telemarknedslag.

søndag 10. oktober 2010

Ein mannsdominert arbeidsplass

er ein boost for sjølvtillita for ei singel jente i sin "beste alder".
Ein vert overausa med kompliment og kjenner seg som ei prinsesse kvar dag. Som då eg til ein forandring gjekk med skjørt. Eg fekk mange lange blikk, og spørsmål om eg hadde kledd meg ut som dame. Neste dag vart eg gjort merksam på kor utruleg lik eg er Beth Ditto. Det at ho brukar ein storleik eller ti større enn det eg gjer, og er glad i å opptre truselaus i minimale kjolar er små bagatellar me jenter ikkje heng oss opp i. Eg og Beth hadde i alle fall same pannelugg ein gong.

I tillegg er det kjekt å vite kva som er mi rolle i møter. Naturleg nok er det alltid eg eller ei av mine kvinnelege kollegaer som får æra av å ta notat. Og sjølvsagt er det ein uskriven regel at me må sørge for kaffi, oppvarting av kundar og rydding av møterom. Og innimellom får me òg ansvar for å rydde møterommet før bruk, dersom toppleiinga har vore der først. Der er det nemleg ingen kvinner representert, så då vert det litt vanskeleg å sette på plass kaffikanner og fjerne skitne koppar.

Det aller kjekkaste er kanskje bli kalla "lille venn" av plattformsjefen når ein er i Nordsjøen på plattformbesøk. Særleg når ein er der for å granske ei alvorleg hending der nettopp plattformsjefen er eit av dei viktigaste intervjuobjekta.

Ein annan fordel er at ein får ekstra sympati som kvinne. Som på ein hektisk dag i sommar, då eg ba om å få opne vindauga på møterommet fordi det var så varmt. "Du er nok berre komen i overgangsalderen, for det er ikkje varmt her!" kom det trøystande frå ein kollega. Det varmar hjartet når ein er 34 år gammal, barnlaus og singel.

tirsdag 7. september 2010

Etablerte vener

.. er godt å ha.
Dei kan gi meg gode råd om kva som er gale i livet mitt. Særleg dei tinga eg ikkje var klar over sjølv. Sidan eg no er i midten av 30-åra kan eg ikkje lengre kle meg slik eg vil, eller ha håret slik eg pleier. Det må andre med betre smak ta seg av. Gjerne nokon som er mindre ute blant folk og les ferre motemagasin enn det eg gjer.

Og kosthaldet, treningsopplegget og arbeidssituasjonen må eg umiddelbart ordne på. Om eg er nøgd med det eg har, er ikkje så viktig. Det er jo ikkje likt det som er in i barselgruppa for tida, og ergo er det heilt feil.

Og ikkje minst bør snart eg få meg mann og barn. Om eg ikkje er nøgd med den kandidaten som vert plukka ut til meg (hans meining er irrelevant), bør eg pelle meg til Danmark og bli befrukta på kunstig vis så snart som mogleg. Eg har allereie passert 34 med over 2 månader, så om eg ikkje handlar raskt er det på tide å planlegge pensjon og alderdom som barnlaus og einsleg.

søndag 6. juni 2010

Helga nærmar seg slutten

- eg må berre gjennom ein klesvask, ein fotballkamp og skifte sengklede først.
Det er nemleg svært roleg og avslappande og utan noko som helst kappløp med tida å vere singel og barnlaus. Eg får lov til å skru ned lampar, skru opp lampar, vatne blomar, fikse bilen (eller betale bilverkstaden for å gjere det), lage middag, ta oppvasken, skryte av middagen, vaske badet og stake opp tette avløp heilt åleine.
Og ikkje nok med det, eg har alltid tid til å ha vorspiel, nachspiel, ta i mot kaffigjestar som ringer på fordi dei er i området, gå ut med dei etablerte venninnene mine som har frihelg annankvar helg, kjøre halve dagen for å helgebesøk, besøke gamle onklar utan born i nærleiken, vaske ut andre sine hus når dei skal flytte eller gå på barnekino laurdag føremiddag. Kjøpe angrepiller for angrande venninner er sjølvsagt ikkje noko problem, det er ingen som ser skeptisk på deg når det er fjerde helga på rad. Innimellom tar eg sjølvsagt ein pause for å gå på jobb, men det er kun 40-50 timar i veka.
Så eg kvir meg til den dagen eg eventuelt skulle få mann og barn. Då får eg nok ikkje tid til kvalitetstid for meg sjølv i det heile!