søndag 26. desember 2010

"Det er vanskelig

å være beskjeden, når man er helt uten feil." Det sang Henning Fries på ønskekonserten på P1 då eg var lita. Og kanhende er den framleis eit fast innslag der, om søndagane.
Eg kjenner meg godt igjen i den teksten. Korleis lar det seg gjere å ikkje vere hovmodig når ein har alt? Eg har perfekt hud, perfekte kremgule tenner (i tråd med shabby chic stilen) perfekt figur (det er berre litt mykje av han her og der), god jobb og perfekt leilegheit (det er berre litt lite av han, i motsetning til figuren).
Eg har òg ein heilt eineståande humor. Den er faktisk så intrikat at det er kun eg sjølv som forstår han. Og så har eg ein perfekt mann. Han heiter Skybert, og det er ingen av mine vener som har noko å utsette på han. Høfleg og reinsleg, og nesten umerkeleg.
Eit perfekt liv med andre ord. Då er det vanskeleg å vere audmjuk.

(Link til sangen ved å klikke på overskrifta)

torsdag 9. desember 2010

F7

F7 er ein fin funksjon. Men den har kanskje gått av moten.
Eg undrar på om om nokon av dei som skriv kommentarar på artiklar i nettaviser og bloggar har høyrt om den? Eller kanskje det er ein del av sjarmen. Ikkje teiknsetjing i form av spørjeteikn eller komma, ingen skilnad på og/å, og subjekt og objektsform er det ikkje noko poeng å skilje på, meininga vert jo den same.
Setningar som "meg å minn vennine håller på å jobber me ett prosjekt om kommunikaskjon å samarbeid, å vi sjenner gått til sånne probblemer" er det vel ikkje noko å utsetje på?

onsdag 8. desember 2010

Long time

no blogginnlegg..
Kva har hendt? Er eg i ferd med å skrive tidenes beste blogginnlegg? Har eg slått følgje med Brødrene Dal på jakt etter spektralsteinar? Er eg ikkje lenger singel?
Følg med, følg med i neste episode av "ein rar og morosoam spalte"!

tirsdag 26. oktober 2010

Tøys og fanteri

har det blitt lite av i bloggen i det siste. Det må eg kanskje gjere noko med.
Når eg les dei siste blogginnlegga mine framstår eg som ei bitter gammal peppermø, og det stemmer ikkje heilt. Håpar eg. Riktignok byrjar eg å dra litt på åra, men er jo ikkje direkte gammal enno. Og bitter håpar eg ikkje er rette skildringa, eller kanskje litt, som i bittersøt mørk kvalitetssjokolade. Men den velklingande tittelen peppermø er korrekt, eg er jo ikkje gift - og eg har framleis ein god del pepper i kjøkkenskapet etter 30-årsdagen for 4 år og 4 månader sidan.

Tilbake til tøys og fanteri. Den største bonusen med å vere singel er nettopp det at det ikkje er ein betre halvdel der som irriterer seg eller tar skade av dei sære og mindre kloke krumspringa ein gjer. Som å ha ein meny med kun havregraut laga av vatn i to veker fordi alle pengane har gått til klede, konsertar og øl, bytte ut middag med 200 g melkesjokolade, eller hoppe i sølepyttar på veg heim frå trening. Det siste skulle eg forresten klart å sno meg unna, sko og klede var jo likevel gjennomblaute. Det var absolutt ikkje noko å vinne på å gå i sikksakk rundt alt det våte. Kanskje litt verre å forklare at eg tok skikkeleg sats og avslutta med telemarknedslag.

søndag 10. oktober 2010

Ein mannsdominert arbeidsplass

er ein boost for sjølvtillita for ei singel jente i sin "beste alder".
Ein vert overausa med kompliment og kjenner seg som ei prinsesse kvar dag. Som då eg til ein forandring gjekk med skjørt. Eg fekk mange lange blikk, og spørsmål om eg hadde kledd meg ut som dame. Neste dag vart eg gjort merksam på kor utruleg lik eg er Beth Ditto. Det at ho brukar ein storleik eller ti større enn det eg gjer, og er glad i å opptre truselaus i minimale kjolar er små bagatellar me jenter ikkje heng oss opp i. Eg og Beth hadde i alle fall same pannelugg ein gong.

I tillegg er det kjekt å vite kva som er mi rolle i møter. Naturleg nok er det alltid eg eller ei av mine kvinnelege kollegaer som får æra av å ta notat. Og sjølvsagt er det ein uskriven regel at me må sørge for kaffi, oppvarting av kundar og rydding av møterom. Og innimellom får me òg ansvar for å rydde møterommet før bruk, dersom toppleiinga har vore der først. Der er det nemleg ingen kvinner representert, så då vert det litt vanskeleg å sette på plass kaffikanner og fjerne skitne koppar.

Det aller kjekkaste er kanskje bli kalla "lille venn" av plattformsjefen når ein er i Nordsjøen på plattformbesøk. Særleg når ein er der for å granske ei alvorleg hending der nettopp plattformsjefen er eit av dei viktigaste intervjuobjekta.

Ein annan fordel er at ein får ekstra sympati som kvinne. Som på ein hektisk dag i sommar, då eg ba om å få opne vindauga på møterommet fordi det var så varmt. "Du er nok berre komen i overgangsalderen, for det er ikkje varmt her!" kom det trøystande frå ein kollega. Det varmar hjartet når ein er 34 år gammal, barnlaus og singel.

tirsdag 7. september 2010

Etablerte vener

.. er godt å ha.
Dei kan gi meg gode råd om kva som er gale i livet mitt. Særleg dei tinga eg ikkje var klar over sjølv. Sidan eg no er i midten av 30-åra kan eg ikkje lengre kle meg slik eg vil, eller ha håret slik eg pleier. Det må andre med betre smak ta seg av. Gjerne nokon som er mindre ute blant folk og les ferre motemagasin enn det eg gjer.

Og kosthaldet, treningsopplegget og arbeidssituasjonen må eg umiddelbart ordne på. Om eg er nøgd med det eg har, er ikkje så viktig. Det er jo ikkje likt det som er in i barselgruppa for tida, og ergo er det heilt feil.

Og ikkje minst bør snart eg få meg mann og barn. Om eg ikkje er nøgd med den kandidaten som vert plukka ut til meg (hans meining er irrelevant), bør eg pelle meg til Danmark og bli befrukta på kunstig vis så snart som mogleg. Eg har allereie passert 34 med over 2 månader, så om eg ikkje handlar raskt er det på tide å planlegge pensjon og alderdom som barnlaus og einsleg.

søndag 6. juni 2010

Helga nærmar seg slutten

- eg må berre gjennom ein klesvask, ein fotballkamp og skifte sengklede først.
Det er nemleg svært roleg og avslappande og utan noko som helst kappløp med tida å vere singel og barnlaus. Eg får lov til å skru ned lampar, skru opp lampar, vatne blomar, fikse bilen (eller betale bilverkstaden for å gjere det), lage middag, ta oppvasken, skryte av middagen, vaske badet og stake opp tette avløp heilt åleine.
Og ikkje nok med det, eg har alltid tid til å ha vorspiel, nachspiel, ta i mot kaffigjestar som ringer på fordi dei er i området, gå ut med dei etablerte venninnene mine som har frihelg annankvar helg, kjøre halve dagen for å helgebesøk, besøke gamle onklar utan born i nærleiken, vaske ut andre sine hus når dei skal flytte eller gå på barnekino laurdag føremiddag. Kjøpe angrepiller for angrande venninner er sjølvsagt ikkje noko problem, det er ingen som ser skeptisk på deg når det er fjerde helga på rad. Innimellom tar eg sjølvsagt ein pause for å gå på jobb, men det er kun 40-50 timar i veka.
Så eg kvir meg til den dagen eg eventuelt skulle få mann og barn. Då får eg nok ikkje tid til kvalitetstid for meg sjølv i det heile!

torsdag 27. mai 2010

Rome - and sweet home


Eg vert nok aldri ein riktig globetrottar, sjølv om eg har vore te byd'n meir enn to gongar. Eg tykkjer nemleg alltid det er like godt å vende nasen heimover - anten eg har vore borte to dagar eller tre veker. Eller rettare sagt, 17 dagar. Det er den til no lengste reisa eg har våga meg ut på. Til Brasil. For 7 år sidan..
Men tilbake til Roma, som var ein fantastisk by. Kanskje litt for fantastisk til å gape heilt over. Med sol, nydeleg pizza, delikat gelato, overdådige bygningar og gangavstand til alt. Og med nye historiske løyndomar rundt kvart gatehjørne.
Men likevel er det slik at eg gleder meg til å kome heim i det eg sjekkar ut av hotellet. Gleder meg til å bruke den nye fake skinnveska med naglar (nok ei), teste ut dei lilla solbrillene og sjå om den lilla ringen eg kjøpte til 11 Euro er like fin i norsk kontorlys. Og ikkje minst til å sove i senga mi, med ordentleg dyne.

tirsdag 13. april 2010

Facebookgenerasjonen

Er det eit fareteikn når store delar av tankevirksomheten vert brukt for å komme på ei slagkraftig setning for statusfeltet mitt, slik at eg er meir morosam og får fleire kommentarar enn dei 595 venene mine? Eller at eg venter på at vener skal logge seg på Facebook-chat'en slik at eg kan snakke med dei - i staden for å ringe eller sende ein sms?

Eg kom til å undre ein dag eg stod og vaska opp og tenkte ”Jill is…” hmmm kanskje ”Jill har ikkje oppvaskemaskin og må vaske opp for hand”.. Nei, ”Jill treng ein handy man som er god på kjøkkenet..” Det var då alle varsellampane blinka raudt. Eller var det kanskje blålystet frå ambulansen utanfor. Ein av fordelane med å bu eit par hundre meter frå legevakta.

Det verste er at eg har byrja gløyme kva eg gjorde før Facebook. Tenk at det skulle gå så langt at eg skulle seie ”Før Facebook”. Det er nesten like epokeavgjerande som ”før mobilen” eller ”før internett”. Og for underteikna kjennest litt vemodig at er så gammal at eg hugsar begge deler. Dei første åra eg budde på hybel (det heitte det då, før ”studioleilighet” vart eit moteord), måtte eg faktisk låne telefon av husverten (sjølvsagt mot betaling) eller bruke telefonkiosk. Men tilbake til tida før Facebook. Eg ønsker meg tilbake til den gongen eg var 20 og definert som del av Dessertgenerasjonen. Eg vil gjerne vere ein Crème brûlée.

fredag 9. april 2010

Fredag kom plutseleg!



Plutseleg fredag. Utan at eg heilt har fått med meg kva eg har brukt veka til. Men no er det atter helg og vår i lufta. Ein ny vår, som det heiter så fint. Eg tar fram støvsugaren og opnar ei flaske øl.
Eg kjenner meg som då eg var 16, på tide å finne fram dongerijakka (det var det den heitte då). Den fine steinvaska med overflod av små lommer med småstein som aldri heilt forsvann. Gå tur med klassevenninnene og håpe at ein av dei kjekke guttane i tredje klasse på allmenn skal kjøre forbi. Kanskje han med Golfen. GTI til og med. Me høyrer han på ein kilometers avstand, for han har sub i bagasjerommet og The Shamen på full guffe.. Kanskje me kan gå til bensinstasjonen og kjøpe smågodt for siste rest av vekepengane, og myse mot dei tøffe gutta som står bak hjørnet og røyker, eller speler på speleautomatane.
Men eit brak vekker meg frå ungdomsminnene frå landsbygda, vaskemaskina sentrifugerer så alt oppå brasar i flisene. På tide å ta helgeoppryddinga. Så kan eg drikke vin og sjå på gutta på Garage i morgon.

tirsdag 6. april 2010

Det boblar over

I dag boblar det over av kreativitet i mitt vesle hovud. Eg har så mange brilliante idear at det må vere noko gale. Eg ser kunstprosjekt i alt rundt meg og har strålande tankar om korleis eg skal møblere stove, kjøkken og soverom. Det er best eg ringer legen, eller kanskje eg skal stikke innom legevakta som ligg rett borti gata.. Men kanskje det rett og slett er det at eg har fått ut alt rotet frå boden i kjellaren som gjer heile skilnaden? Feng Shui i praksis?

tirsdag 23. mars 2010

Grøne fingrar


I løpet av vinteren har eg fått det til å spire og gro, trass i at det har vore fleire meter - eller i alle fall nærmare ein meter - snø her sidan desember. Men i kjøleskapet mitt er det gode vekstvilkår, viser det seg.

torsdag 18. mars 2010

Me like..


.. mi lajki:
http://www.milajki.com/

Særleg dette haiarmbandet, som står heilt perfekt til tatoveringen min.

fredag 12. mars 2010

Digresjon

Fantasi er ein skummel ting. I blant har eg meir fantasi enn sjølvdisiplin og arbeidslyst. Eg sit i møter og tankane spinn fritt.
Løpekatt blir til apekatt, og snart er tankane mine ein heilt anna stad.
Det fins nok av rare uttrykk der eg arbeider. Ein kollega av meg er ganske fascinert av uttrykket Assistant Tool Pusher, som er eit anna namn på ei høgare stilling innan boring. Boresjef 2, eller noko i den dur. Altså oljeboring - ikkje boring i tannlegestolen. Og der er me inne på eit nytt tema. Ein ny digresjon. Tannlegestolen gir meg frysningar berre ved tanken, det samme hender om eg høyrer andre pusse tennene. Eg får gåsehud over heile meg, berre av lyden. Kanskje fordi eg assosierer dette med tannlegen. Og ordet gåsehud får meg til å tenke på gåsungar, altså knoppane på seljetrea. Og då er det vår. Og med våren kjem det fuglesang og skisesongen er snart slutt. Akkurat som dagens innlegg. Cougartown byrja nett på TVNorge, så då er det best å parkere PC'en. Til fordel for ny inspirasjon!


Apekatt: Min gamle bamse
Løpekatt: (C)transportutstyr.no



Gåsungar:
http://www.ungute.no/content.ap?thisId=500030136&language=0

tirsdag 2. mars 2010

Bakvendtland

Eg lever ofte i mitt eige vesle bakvendtland. Der kan alt gå an, som det heiter i barnesangen.
Sidan eg er realist (kan eg kalle meg det etter to semester med realfag på universtitetet?) trur eg ikkje på horoskop i vekeblad, særleg sidan dei truleg er skrivne av nyutdanna journalistar som treng skrivetrening. Men det gjeld berre når det står negative eller trivielle ting i horoskopet. Når det er positivt og lover eit blømande kjærleiksliv, pengar og suksess, då kan eg jo ikkje la vere?
Spøkelse trur eg ikkje på, men om natta når eg køyrer bil heilt åleine, kan eg ofte kjenne at det sit eit usynleg vesen bak meg, og merke det kalde gufset.
Og det luraste er at når eg ser ein kjekk mann på bussen, på toget eller på helikopteret heim frå nordsjøen, så går eg alltid rett forbi. Og sit meg gjerne med ho pratsomme dama som eg veit kjem til å mase om noko uinteressant heile vegen

Men i vinter har eg levd nesten tre månader i bakvendtland. I lag med rundt 253 599 andre innbyggjarane i Bergen.
Og vakrare bakventland kan ein ikkje leve i. I alle fall ikkje på dagar som denne, vinterferie med sol, snø - og snart besøk frå Sørlandet.

I Bakvendtland der øst er vest og fem og to er ni
Er alle barna sjelegla' når feri'n er forbi
De tropper opp på skolen for å ta et skippertak
Med skolesekk på magen sin og lueskugga bak

Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann

Den første timen pleier de å synge lite grann
Da tar de siste verset av en sang de ikke kan
Og er det no'n som kan den skjenner lærer'n frykteli'
Og de må stå i skammekrok til timen er forbi

Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann

Og sliter de med brøkregning og ikke får det til
Så kan de ta opp maten sin og spise hvis de vil
Og har de loff med sirup på blir lærer'n veldi gla'
Og skriver i anmerkningsboka pluss og meget bra

Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann

Når tannlegen skal komme synes barna det er gøy
For han plomberer tenne med knekk og sukkertøy
I hjemmelekse skal de bare synge trallalla
Og varebind på bøkene har ingen lov å ha

Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann

Når barna første dagen går til skolehusets grind
Så starter de i sju'nde klasse når de skrives inn
Så blir de flyttet nedover i klasser pø om pø
Og går ut ifra første klasse dumme som et brød

Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann

Ja slik er det i Bakvendtland slik er det ikke her
Her starter vi i første klasse alle og enhver
Med skolesekk og varebind og sanger som vi kan
Blant annet denne nye vi har lært om Bakvendtland

Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann




fredag 19. februar 2010

Ungdomskjelda for kvinner

Eg har funne ungdomskjelda. Du finn den i alle feitande matvarer. Trikset er å holde huda stram. Det gjer ein enklast ved å legge gradvis på seg frå rundt 20-årsalderen. Det er sjølvsagt eit føremon å vere slank i utgangspunktet.. Så det gjeld å planlegge alderdomen tidleg.

Eit anna, litt meir impulsivt tiltak er å sjå nervøs ut i kassa når du kjøper øl. Eller står i kø på uteplassen. Husk tuppert blondt hår, masse orange foundation, pudder og augesminke, og gå litt ustøtt på dei høge støvlettane. Og ikkje gløym å fnise som ein 16-åring. Dørvakta kjem garantert til å krevje legitimasjon, og kvelden er redda!

Eg har også funne ein fin måte å få opp sjølvtilliten på Vinmonopolet. Dette krever ikkje så mykje planlegging. Ta på joggebukse og gjerne hettegenser, og lag musefletter i håret. Samme sminkestil som nemnt over, om du har tid. Når du kjem inn på polet, velg ein billeg kvitvin. Gjerne ein tysk Riesling. Pass på at den er litt søtare enn du eigentleg klarar å drikke, og med høgast mogleg alkoholprosent. Velg så ut ein mannleg ekspeditør i starten av 20-åra. Han vil vere så nervøs for å fornærme deg at du garantert må fram med førarkortet her også.

Fortsatt god helg!

torsdag 18. februar 2010

Livet mitt

er som ein romantisk komedie. Eg har sjølvsagt ikkje hovudrolla. Nei, eg er den runde, dumsnille og litt naive bestevenninna til den mannlege hovudrolla. Ho som har eit ørlite håp om at han ein dag skal sjå at ho er der, ikkje berre som ei venninne, men som store Kjærleiken. Ho som blir gode venn med forloveden til kameraten sin (altså den vakre jenta som har hovudrolla i filmen), og som til slutt vert sittande heime som barnevakt medan det lukkelege paret tar ein velfortent frikveld frå den stressande kvardagen med karriere og tre vakre små barn.
Eller ho som no skal ut og ete kjøttbollar og bli enda rundare.

onsdag 10. februar 2010

Midtveke igjen

Denne veka er halvvegs, og godt er det. Mange møter og mykje styr på jobb. I morgon er det DumDum Boys som står på timeplanen, etter jobb og innebandy. Kanskje eg til og med er morosam igjen då.

tirsdag 9. februar 2010

Tomgang

Det er visst forbode å stå unødig på tomgang. Politiet i Bergen skal slå hardare ned på unødig tomgang, skreiv BT her for eit par veker sidan. Det gjeld heldigvis berre bilar. Så vidt eg veit. Menneske på tomgang forureinar ikkje, og så lenge det ikkje er til sjenanse for andre er det ikkje forbode å stå på samme stad og bruke opp energien utan å komme nokon veg.
I blant kjenner eg det som om eg har gått på tomgang lenge. Eg har ikkje flytta meg framover på mange år, verken fysisk eller mentalt. Og nokre dagar verkar det som eg kjører i revers. I nedoverbakke til og med. Ein vert svimmel av det.
I dag står eg berre på tomgang. Får håpe eg finn rett gir i morgon.

mandag 8. februar 2010

Mandag


Søndag var ein bra dag, ølet smakte ekstra godt til vietnamesisk sjømat, og bartendaren på favorittbaren var ekstra kjekk. Kanskje fordi søndag liksom skal vere familiedagen der ein skal ete kjøttkaker med mann, barn og svigerfamilie, og øl er forbode.

Mandag derimot har ikkje vore like idyllisk. Mykje å gjere på jobb, men eg har berre fått gjort ein brøkdel av det eg hadde tenkte. Ein svært liten brøkdel der nemnaren må minst vere tresifra. Men har i alle fall hatt ei lita økt med fotball. Mitt einaste fortrinn i dag var at eg er ganske brei, slik at eg slapp inn få mål då det var min tur til å vere keeper. Eg fekk til og med skryt frå eit par mannlege kollegaer. Men søt og takknemleg som eg er, veiva eg berre med armane og sa det er det som er fortrinnet med å vere feit. Så eg oppnådde akkurat det eg ville, dei såg ekstra etter på cellulittlåra mine, og sukka oppgitt.. I tankeboblene deira stod det "Ånei, der fiskar ho etter kompliment. Typisk jenter.. Og eg som trudde ho var litt mindre sutrete sidan ho speler fotball. Ho har sikkert mensen".

Men det har eg jo ikkje, så i morgon skal eg vere søt og grei og smile pent. Og late som eg er nøgd med fasongen. Som liknar meir på Michelinmannen enn på Sienna Miller.

lørdag 6. februar 2010

Helg

Eg ser eg var ute i går. Har stempel på kinnet og mascaradryss til haka. Kajalen er vassfast (vakkert nynorskord!), så den er framleis på plass. Dette er verkeleg god opplading til kafébesøk med ein gjeng helgefriske småbarnsforeldre! Sidan det er lørdag er det nok ikkje så mykje folk i Bergen sentrum heller, så det skal gå fint å finne bord og plass til alle. Me er jo berre ein 10-12 personar. Då er det berre å hoppe i vaskemaskina og henge klesvasken i dusjen, så er eg straks klar. Kajalen slepp eg i det minste å tenke på.

fredag 5. februar 2010

Fredag

Dagens horoskop:
"Lær deg å gi uttrykk for dine egne meninger. Selv om du møter på vanskeligheter, vil du klare å løse dem på best mulig måte. Romantikken blomstrer, og du er inne i en periode hvor livet er en dans på roser."

Men då er vel den helga i boks? Ikkje meir å seie..

torsdag 4. februar 2010

Torsdag

Torsdag er den nest beste dagen i veka. Fredag er favoritten. Gjerne fredag ettermiddag, i det ein er på veg ut døra på kontoret, og helga ligg blank og urørt framfor ein.

onsdag 3. februar 2010

Lillelørdag..

.. med stive musklar og utan kaffi..
Nei, to onder klarte eg ikkje, så kaffi vart det likevel.
Og mange møter.

Ingen trening i dag, men kanskje litt meir jobb i kveld. Først hurtigrydding og speed-cooking før kusina mi kjem på besøk. Pai, smoothie, chips og ymse kjeks.. Får håpe det slår sånn nokonlunde an.

tirsdag 2. februar 2010

Snublemunn

Tirsdag, gode ting. Berre tre dagar til helg.

Trening unnagjort - Boksing (beinhardt og gøy), 1-års dag til ei lita stor jente som nettopp har lært seg å gå, og spasertur i nokre av dei søtaste smauene i Bergen. Fine dagen, som Nemi ville sagt.



Eg kan vere nokså klossete, det syner seg både fysisk i form av alle blåmerkene på kroppen og alle stripene på min søte sukkertøyrosa mobil, men òg verbalt.

Dette er med på underhalde kollegaene i kontorlandskapet mitt. Som i dag.

Før helga spurte eg om nokon visste om ein fin akebakke, for eg hadde planar om å invitere ei venninne og sonen med på aking. Like mykje for å få ake sjølv, som for guten sin del.. Så i dag spurte då sidemannen min om eg fann ein bra akebakke. "Tja," seier eg. "Han var ikkje så god, men han var hard og det gjekk fort.." Og i same sekund forstod eg kva som hadde ramla ut munnen min, og måtte raudnande ta ein ekstra kaffipause mellom alle latterbrøla..



No er det på tide å legge seg. Eg ser fram til ein støl dag i morgon. Lillelørdag..

mandag 1. februar 2010

Då var eg i gong med blogging eg òg - etter oppfordring frå mi venninne NE. Me skal følge eit opplegg i ei bok for betre livskvalitet, og dette er altså eit ledd den betringa. Eg gleder meg allereie!

Ein rar og morosam spalte har eg tjuvlånt frå ein av mine favorittfilmar, 37 1/2. Eg er sjølv 33 1/2, og har ein del til felles med hovudrolla i filmen. Det kjem eg tilbake til..