eg var nokså anonym i ungdomen. At eg aldri var mellom dei kule eller pene. Fallhøgda vert mindre då. Bitter seier du? Nei, tvert om. Stundom, når eg treff på dei kule frå ungdomsskulen, vidaregåande eller til og med frå studietida (den var jo ferdig i fjor) slår det meg: Dei har vorte så allminnelege. Både i utsjånad, framferd og levesett. Meir like meg. Dermed er eg nestan kul og fresh - eg har ikkje forandra meg mykje, er framleis ganske anonym, men står litt meir fram i forsamlingar. Tør å vere meg sjølv. Og sjølv om eg aldri vart noko svane, har mine år som den stygge andungen har lært meg å respektere ulike måtar å vere på. Håpar eg.
fredag 20. juli 2012
lørdag 19. mai 2012
Det vart med tanken
I dag hadde eg tenkt å skrive eit inspirerande blogginnlegg, morosamt, spissfindig og likevel til ettertanke. Humoristisk og tankevekkjande på same tid. Noko som gjev meining.
Det vart med tanken. Det same gjeld ryddinga av husværet. Det vart med tanken. Det er mykje ein drøymer om, skal gjere ein gong som berre sklir ut i ingenting.
Eg har nett lese eit minneord til Aleksander Dale Oen. Han lot det ikkje verte med tanken. Han gjorde noko. Han brydde seg ikkje om små hinder på vegen, og sa ikkje "eg skal berre" eller "eg kunne vorte ein god symjar, om ikkje.."
Mykje vert med tanken, og slik vil det nok alltid vere. Men alle kan me gjere litt meir av det me har lyst til medan me kan, ikkje klamre oss fullt så mykje til jantelov, men heller realisere fleire draumar og seie oftare at me bryr oss. Leve meir.
Eg hadde tenkt å vere morosam og spissfindig. Men i dag vart det andre ting som trengde seg på.

tirsdag 24. april 2012
Ironi og sjokolade
Eg er glad i ironi på grensa til sarkasme, og er kanskje litt for flittig i bruken av verkemiddelet. Dette gjekk for alvor opp for meg ein dag eg ga min kjære eit kompliment og han spurte om eg var spydig.. Det er òg han som har gjort meg oppmerksom på mitt umettelege behov for sjokolade, og hinta om at sjokoladen nesten betyr meir for meg enn det han gjer.. Planen er difor å kutte ned på ironiforbruket på same måte som eg forsøkjer å kutte ned på sjokoladen: Gradvis og med ei og anna velfortent utskeiing.
Begge delar er i grunnen like vanskeleg.
Tilbake til ironien. Den har vore mitt våpen når kvardagen slår litt for hardt frå seg. Som når ein har tenkt å gå tidleg frå jobb ein fredag, og det haglar inn med hasteoppgåver. Då er det berre å nikke fint og seie "Ja, sjølvsagt - det er alltid like kjekt å bruke fredag ettermiddag på kontoret. Eg hadde jo ingen andre planar." Og om ein er riktig heldig, forstår ikkje mottakaren den krasse undertonen i stemma, og ein får enda eit par oppdrag på toppen.
Kanskje eg må endre strategi. Eg klarar ikkje å kutte både søtsaker og sarkasme. I alle høve ikkje samstundes. Difor lanserer eg ein ny strategi: Bitrare sjokolade og søtare ironi. Fungerer det, vel?

mandag 26. desember 2011
Carrie Bradshaw?
Som mange jenter likte eg å følgje med på Sex og Singelliv, og har sett begge filmane og min del av episodane om igjen. Og som mange andre, ville eg gjerne bytte delar av mi verd mot Carrie si. Men det var ikkje tilgangen på Jimmy Choos og Chanel, eller den stadig tilbakevendande Big som freista. For min del var heller den faste avisspalten til Carrie eg kunne tenkje meg. Tykte det såg så koseleg ut å sitje å skrive morosame og treffande innlegg om kvardagshendingar, små eller store.
Men enn så lenge sit eg og diktar opp mine eigne slagferdige setningar og ordspel, på bussen eller i bilen, på møte eller på venninnekveldar. Og ytterst sjeldan vert dei gjort om til noko anna enn tankespinn. Difor sit eg gjerne og lagar eigne imaginære avisspaltar i mitt eige sinn. Det er vel heilt normalt, vil eg tru?
Forfattar- og journalistlivet ser så glamorøst ut på film og seriar. Eg likar at rollefigurane ser ut til å arbeide hardt, men alltid med ein god kopp kaffi og ein luktfri sigarett i askebegeret. Ein sigarett dei lar brenne ut utan å ta eit trekk. Og dei vert alltid ferdige, og alltid med eit strålande resultat.
Merkeleg nok opplevde eg det aldri slik då eg var frilansar for ei av lokalavisene i mitt heimdistrikt. Det var aldri perfekt skrive, bileta vart aldri slik eg hadde tenkt, og det vanka heller aldri applaus når eg såvidt rakk deadline.
Kan hende var det utsikta over New York som mangla. Kanskje den fantastiske kaffikoppen, den retro skrivemaskina, eller den luktfrie sigaretten utan helsefare. For det mangla ikkje på spennande og inspirerande oppdrag. Bedehusopning med tungetale, turmarsjar i grisgrente strøk, julemesser distriktet rundt. Gjerne fire forskjellige julemesser, der hovudvariasjonen var fargevalet på dei hekla dorullnissane.
Nei, eg skulle nok hatt eit rom med utsikt. Og ei skrivemaskin med kulehovud og rettetast. Då hadde eg hatt min eigen morosame spalte i Bergens Tidende i dag.

tirsdag 18. oktober 2011
Dagens antrekk
Alle bloggarar med respekt for seg sjølv har eit fast innslag med dagens antrekk.
Tatt frå den rette sida og med kreativ posering. I alle fall alle motebloggarar.
Her kjem mitt antrekk frå søndag, med ein artistisk vri.
Det var svært interessant samansett kan eg hugse, kanskje du kan skimte det òg?.

onsdag 3. august 2011
Magiske tekstar
Eg likar å høyre etter på tekstane når eg høyrer på musikk. Først likar eg tonane og stemninga, men så må eg finne ut om orda også passar. Og lenge trudde eg at eg hadde ei nådegåve når det kom til å tyde meininga bak, eg kjende at eg nesten kunne lese tankane til artisten. For å vise verda mi openberring har eg difor plukka ut eit knippe av mine fantasifulle og svært så presise teksttolkingar.
I mange år trudde eg Don Henley song om ein fæl sommar der den sterke kjærleiken vart sett på prøve, men helten viste stort tolmod og det elskande paret kom styrka ut då den "giftige sommaren" var over: Eg nynna med på "..my love for you will still be strong, after the poisoned summer has gone". Jau. Kven kunne ane at det var snakk om ei forsmådd mannleg grå mus som var litt misunneleg når "The Boys of Summer" fekk all merksemd frå drøymedama hans.
http://www.youtube.com/watch?v=UsqcDXizFmE
For ikkje å snakke om Daryl Braithwaite som så inderleg ønska seg sommar. Som vestlending var det lett å kjenne seg igjen i at juni, juli og august ikkje er samanfallande med sol og sommarvarme. Det er ikkje så lenge sidan eg fann ut at songen heiter "One Summer" - ikkje "I want Summer"..
http://www.youtube.com/watch?v=SB9OJ1IjBEc
Og så har du Nirvanas "Polly". Eg kunne kjenne korleis Kurt Cobain hadde det - han var forelska i ei jente med narkotikaproblem. ("Polly was a crackhead"). Kanskje ikkje heilt ut av det blå, med tanke på Kurt og Courtney Love si kjærleikshistorie. Ikkje visste eg at stakkars Polly var ei ung jente som ville ha kjeks. Som eit desperat forsøk på å kome seg vekk frå sin kidnappar og valdtektsmann. ("Polly wants a cracker.. ")
http://en.wikipedia.org/wiki/Polly_(song)
http://open.spotify.com/track/7AUwhTIuxBn7Os76FPoIz7

tirsdag 19. juli 2011
Feberkreativitet
Det er merkeleg kor mange gode idear ein kan få når ein har feber. Idear til fantastisk interiør, nye klesplagg, kunstverk, og løysinga på intrikate jobbproblem ramlar inn. Feberfantasiar, tenkjer du? Eg skulle berre hatt ein eller annan lur innretning som kunne overføre alle genistrekane som gnistrar mellom impulsane i hjernen min. Og sortert dei i eit oversiktleg system, slik at eg har alt lett tilgjengeleg den dagen eg får tid og overskot til å gjere ideane om til produkt og handling. Då skulle du berre sett!
Inntil den dagen kjem, får eg nøye meg med å fordøye delar av alt det som renn forbi.
Men i dag fekk eg i alle fall ein lysande tanke som gav resultat. Eg stakk innom Fretex, og for usle femti kroner vart eg opplyst. Og det vart jammen stova mi òg!

Abonner på:
Innlegg (Atom)