mandag 3. juni 2013

Det kriblar

Det er vår, snart sommar. Det kriblar i kroppen. Den velkjende kjensla kjem tilbake kvart år, like sikkert som at knoppane sprett på trea, og breier seg frå topp til tå.
Forelska, seier du? Nei, dessverre. Våryr? Langt i frå. Det er noko anna som gjev meg denne altoppslukande kjensla. Nokre mikroskopiske kunstferdige figurar er opphavet: Pollen.
Velkommen vår, farvel uteliv.



Biletkjelde: The Naked Scientists

søndag 2. juni 2013

Sjølvhjelp og oliven

Sjølvhjelpsdronninga. Der har du meg. Ikkje fordi eg har kontroll på alt, snarare tvert om. Eg sluker det meste som er å lese innan feltet sjølvhjelp, og mellom titlane i bokhylla mi (eller akkurat no i ei eske i ei bod hjå eks-sambuaren min) finn ein både "Hemmeligheter for kvinner", "Lykkeformelen", "Tankekuren" og "Hvordan rekke alt og likevel få tid til deg selv". I tillegg står eg på ymse mailinglister, og eg har lasta ned både  "Catch Him and Keep Him" og "Have The Relationship You Want".  Og sjølvsagt prøvd lydspor med Mindfulness, medan eg stadig såg på klokka for å sjekke kor lang tid eg hadde brukt.

Håpet har alltid vore at eg plutseleg skal vakne opp og vere perfekt. Tynn (no modifisert til mindre feit), veltrent, trendy. Karriere som stadig utviklar seg. Til det betre, sjølvsagt. I ei seng med silkelaken, i draumehuset og med ein fantastisk mann ved mi side.
Rart at det enno ikkje har vorte slik, med tanke på all den informasjon eg har slukt rå og deretter drøvtygd.

Men eg har no plukka opp eit og anna tips. Nokre råd er enkle, andre litt verre. Og sjølvsagt er det noko i det at ein må elske seg sjølv før andre kan elske ein, og at det er korleis ein tar ting som gjer heile skilnaden. Men koreis GJER ein det?

Her er mi liste:

1. Start med å godta deg sjølv. Du treng ikkje elske deg sjølv eller seie kor fantastisk du er til spegelbiletet. Som den erfarne menneskekjennaren du er, ser du fort om du lyg..

2. Gå gradvis over til å like deg sjølv. Som med kaffi, øl, raudvin, mørk sjokolade eller oliven; du likte vel ikkje det første gongen du prøvde heller? Sjå på deg sjølv som noko sofistikert som treng litt modningstid før du likar. Og kanskje til slutt elskar.

3. Det kanskje aller mest effektive tipset, og ikkje minst det aller enklaste, har eg lært av å sjå på flyvertinnene under tryggleiksinformasjonen. Og nei, det er ikkje platinablondt hår, raud leppestift og påmåla brunfarge, sjølv om desse triksa nok òg kan kome til nytte. Det er ei nokså enkel frase, fritt omsett gjennom sjølvhjelpsfilteret: Hjelp deg sjølv, før du kan hjelpe andre. Eller sagt litt tydlegare; for å vere noko for andre, må ein først ha det bra med seg sjølv.

4. Du kan eventuelt gløyme alt du har lest, vere deg sjølv, og slutte å samanlikne deg med naboen, kollegaen og barndomsvenninna. Kanskje du då finn ut kva som fungerer for deg. Om du i tillegg aksepterer at dei rundt deg er som dei er, kan det til og med hende du får nye vener. Det er kanskje det rimelegaste, men dårleg nytt for sjølvhjelpsindustrien.

5. Om du framleis gidd å lese dette, og ventar på noko revolusjonerande, seier eg som Frode Øverli i Pondus: "Ta deg en bolle!"

Kjelder:
-Ymse dameblad gjennom mine 19 vaksne år (rekna frå 18 årsdagen, ja). 17 av desse åra vart levd som singel, så eg har rukke over ein del.
- Hemmeligheter for kvinner og ... av ...
- Rori Raye og Christian Carter sine nettsider.
- Mennene rundt meg. Både dei 
- "Syklubben".
- Tryggleiksdemonstrasjonen ombord på fly

fredag 20. juli 2012

Eg er glad

eg var nokså anonym i ungdomen. At eg aldri var mellom dei kule eller pene. Fallhøgda vert mindre då. Bitter seier du? Nei, tvert om. Stundom, når eg treff på dei kule frå ungdomsskulen, vidaregåande eller til og med frå studietida (den var jo ferdig i fjor) slår det meg: Dei har vorte så allminnelege. Både i utsjånad, framferd og levesett. Meir like meg. Dermed er eg nestan kul og fresh - eg har ikkje forandra meg mykje, er framleis ganske anonym, men står litt meir fram i forsamlingar. Tør å vere meg sjølv. Og sjølv om eg aldri vart noko svane, har mine år som den stygge andungen har lært meg å respektere ulike måtar å vere på. Håpar eg.


lørdag 19. mai 2012

Det vart med tanken

I dag hadde eg tenkt å skrive eit inspirerande blogginnlegg, morosamt, spissfindig og likevel til ettertanke. Humoristisk og tankevekkjande på same tid. Noko som gjev meining.
Det vart med tanken. Det same gjeld ryddinga av husværet. Det vart med tanken. Det er mykje ein drøymer om, skal gjere ein gong som berre sklir ut i ingenting.
Eg har nett lese eit minneord til Aleksander Dale Oen. Han lot det ikkje verte med tanken. Han gjorde noko. Han brydde seg ikkje om små hinder på vegen, og sa ikkje "eg skal berre" eller "eg kunne vorte ein god symjar, om ikkje.."

Mykje vert med tanken, og slik vil det nok alltid vere. Men alle kan me gjere litt meir av det me har lyst til medan me kan, ikkje klamre oss fullt så mykje til jantelov, men heller realisere fleire draumar og seie oftare at me bryr oss. Leve meir.

Eg hadde tenkt å vere morosam og spissfindig. Men i dag vart det andre ting som trengde seg på.

tirsdag 24. april 2012

Ironi og sjokolade

Eg er glad i ironi på grensa til sarkasme, og er kanskje litt for flittig i bruken av verkemiddelet. Dette gjekk for alvor opp for meg ein dag eg ga min kjære eit kompliment og han spurte om eg var spydig.. Det er òg han som har gjort meg oppmerksom på mitt umettelege behov for sjokolade, og hinta om at sjokoladen nesten betyr meir for meg enn det han gjer.. Planen er difor å kutte ned på ironiforbruket på same måte som eg forsøkjer å kutte ned på sjokoladen: Gradvis og med ei og anna velfortent utskeiing.

Begge delar er i grunnen like vanskeleg.

Tilbake til ironien. Den har vore mitt våpen når kvardagen slår litt for hardt frå seg. Som når ein har tenkt å gå tidleg frå jobb ein fredag, og det haglar inn med hasteoppgåver. Då er det berre å nikke fint og seie "Ja, sjølvsagt - det er alltid like kjekt å bruke fredag ettermiddag på kontoret. Eg hadde jo ingen andre planar." Og om ein er riktig heldig, forstår ikkje mottakaren den krasse undertonen i stemma, og ein får enda eit par oppdrag på toppen.

Kanskje eg må endre strategi. Eg klarar ikkje å kutte både søtsaker og sarkasme. I alle høve ikkje samstundes. Difor lanserer eg ein ny strategi: Bitrare sjokolade og søtare ironi. Fungerer det, vel?



mandag 26. desember 2011

Carrie Bradshaw?

Som mange jenter likte eg å følgje med på Sex og Singelliv,  og har sett begge filmane og min del av episodane om igjen. Og som mange andre, ville eg gjerne bytte delar av mi verd mot Carrie si. Men det var ikkje tilgangen på Jimmy Choos og Chanel, eller den stadig tilbakevendande Big som freista. For min del var heller den faste avisspalten til Carrie eg kunne tenkje meg. Tykte det såg så koseleg ut å sitje å skrive morosame og treffande innlegg om kvardagshendingar, små eller store.

Men enn så lenge sit eg og diktar opp mine eigne slagferdige setningar og ordspel, på bussen eller i bilen, på møte eller på venninnekveldar. Og ytterst sjeldan vert dei gjort om til noko anna enn tankespinn. Difor sit eg gjerne og lagar eigne imaginære avisspaltar i mitt eige sinn. Det er vel heilt normalt, vil eg tru?

Forfattar- og journalistlivet ser så glamorøst ut på film og seriar. Eg likar at rollefigurane ser ut til å arbeide hardt, men alltid med ein god kopp kaffi og ein luktfri sigarett i askebegeret. Ein sigarett dei lar brenne ut utan å ta eit trekk. Og dei vert alltid ferdige, og alltid med eit strålande resultat.

Merkeleg nok opplevde eg det aldri slik då eg var frilansar for ei av lokalavisene i mitt heimdistrikt. Det var aldri perfekt skrive, bileta vart aldri slik eg hadde tenkt, og det vanka heller aldri applaus når eg såvidt rakk deadline.

Kan hende var det utsikta over New York som mangla. Kanskje den fantastiske kaffikoppen, den retro skrivemaskina, eller den luktfrie sigaretten utan helsefare. For det mangla ikkje på spennande og inspirerande oppdrag. Bedehusopning med tungetale, turmarsjar i grisgrente strøk, julemesser distriktet rundt. Gjerne fire forskjellige julemesser, der hovudvariasjonen var fargevalet på dei hekla dorullnissane.

Nei, eg skulle nok hatt eit rom med utsikt. Og ei skrivemaskin med kulehovud og rettetast. Då hadde eg hatt min eigen morosame spalte i Bergens Tidende i dag.

tirsdag 18. oktober 2011

Dagens antrekk

Alle bloggarar med respekt for seg sjølv har eit fast innslag med dagens antrekk.
Tatt frå den rette sida og med kreativ posering. I alle fall alle motebloggarar.
Her kjem mitt antrekk frå søndag, med ein artistisk vri.
Det var svært interessant samansett kan eg hugse, kanskje du kan skimte det òg?.