tirsdag 24. mai 2011

Mitt Bergen






Usinglifisert og lukkeleg

Eg er ikkje lengre singel, og per definisjon vaksen og på veg til å verte Vellukka med stor V. Eg manglar berre villa, volvo og vovvov. Men leilighet, småbil og hybelkaninar er då eit stykke på veg!

Det fine med at eg ikkje lengre er singel, er at all bekymring no har forsvunne. Som dogg for sola - eller som byfjella i askeskya, rettare. Eg treng ikkje lengre lure på om folk likar meg, eg slepp å tenkje på kva klede eg skal ta på, dusjing kan reduserast til eit minimum, eg sparar pengar på frisør, sminke og treningsstudio. Eg treng ikkje lengre vurdere om eg bør takke ja til drinken frå han kjekkasen i baren - fordi eg nesten har slutta å gå på by'n.

Å, så deilig det er å berre slappe av og nyte kjærleiken som strøymer mot meg!

Eller forresten.. Kva om mor hans ikkje likar meg, kanskje eksen var flinkare enn det eg er til å lage mat, kva om han tykkjer familien min er rar, kanskje har eg dårleg ånde? Er eg berre tidsfordriv til han finn nokon som er finare, tynnare og flinkare til å fortelle vitsar? Og som er betre på geografi og filmhistorie og ikkje likar fotball? For det er ikkje særleg feminint, eller?

Å, som eg misunnar dei som er single!

mandag 9. mai 2011

Award



For ei tid tilbake var eg er så heldig å få ein Award frå http://kreativemariet.blogspot.com/ - Tusen takk!
Sjølv er eg ikkje så god på dette med bloggutforming og lenkar og slikt - eg har berre ei skrivekløe eg ikkje vert kvitt.

Men skal gjere eit forsøk på å følgje opp.
Eg er altså utfordra til å skrive 8 ting om meg sjølv, og denne utfordringa går vidare til mine anbefalte bloggar




1. Eg er ingeniør
2. Eg har vore innom tanken på å skifte yrke - til lærar, sosionom, journalist og illustratør. Denne veka. Neste veke sveipar eg innom eit nytt utval
3. Eg er sta og vil helst klare alt på forsøk
4. Eg klarar sjeldan å konsentrere kun ein ting om gongen
5. Som naturleg følgje av nr. 4 er eg ikkje så god på å fullføre det eg startar
6. Er nyleg frelst frå "singel-helvetet"
7. Men eg tykkjer "singel-helvetet" har mange gode sider som eg kanskje skulle ha utnytta litt betre
8. Eg er stril og stolt av det

Så var den vanskelege jobben å velge 8 bloggar eg følgjer og som eg meiner fortener Award.. Har mest lyst til å bruke den gamle "ingen nevnt, ingen glemt.." - men her kjem eit utval:

1. http://kreativemariet.blogspot.com/
2. http://singelliv.vgb.no/
3. http://www.antibloggeren.com/
4. http://larsspiserdrikkerogsynser.blogspot.com/
5. http://brafint.blogspot.com/
6. http://1-2-3-draumeheimen.blogspot.com/
7. http://www.birdmuriel.com/
8. http://thomasl-mannogfar.blogspot.com/

Ein ny blank nøkkel i nøkkelknippet

Eg har husnøkkelen til kjærasten min i nøkkelknippet. Han er berre på lån.
Nøkkelen altså.

Ein fugl i handa..

..er betre enn ti på taket, seier uttrykket.
Denne fuglen skulle eg gjerne hatt PÅ mi hand:
http://home.marianilsdotter.com/shop/hand/raven-ring/

fredag 8. april 2011

The Times They Are a-Changin'

Ein dag vaknar ein og ser at ting rundt ein har forandra seg utan at ein heilt har registrert det.

Då eg skulle sende melding til ei barndomsvenninne ein søndag, som tilfeldigvis var morsdag, la eg automatisk inn ei morsdagshelsing. Dette ville eg aldri ha tenkt på for tre år sidan. Men no er alle venninnene frå barndommen mødre, og har på mange måtar gått forbi meg. Det einaste som er nokså likt, er timar søvn per natt. Sjølv om eg står i stampe i singeltilværet og får for lite søvn på grunn av fest, flørt og favorittseriar på DVD, ikkje barnegråt, amming og bleieskift. I blant tenkjer eg at eg ikkje har utvikla meg sidan eg som 25-åring fekk vitnemål og ingeniørring. Og kjende ei lita sorg over at ungdomstid og all moro var over, kun alvor og dårlege jobbutsikter venta.

Det var kanskje ikkje akkurat dette Bob Dylan meinte med teksten sin, men den passar. I alle fall for meg. For brått ser det ut som at tilværet er endra for min del òg.

Eg ser fram til helg, men er ikkje like rastlaus og klar for ein tur på by'n. Eg ligg leeenge i senga både laurdag og søndag, men ikkje fordi eg har lagt meg seint og drukke ei øl for mykje. Eg ser fotballkampar med lag eg ikkje bryr meg om, men ikkje for å gjere research før kampar mot "mitt" lag. Eg er mindre stridslysten i trafikken. Og blid mot min suraste kollega.

Det må vere noko i vatnet som har sløva meg ned. For det kan umogleg ha nok å gjere med dei blå augo eg ser for meg kvar gong eg lukkar mine. Eller dei fine, mjuke, store hendene som finn mine når eg snufsar av ei rørande scene på kino.

torsdag 27. januar 2011

Erfaring

Eg nærmar meg 35 med sjumilssteg og det er kanskje på tide å oppsummere erfaringar og oppdatere CV'en. Når det gjeld jobb, vert erfaringar, kurs og prosjekt oppdatert nokså regelbunde, men mitt personlege resymé over romantiske relasjonar er ikkje like oppdatert. Difor tenkte eg å gjere noko med det her. Det er greit å halde oversikta, slik at eg kan lese meg opp og repetere før neste stemnemøte. Eg reknar med det kjem nokså snart, for det har ikkje akkurat hagla invitasjonar i det siste. Eigentleg er det nokså merkeleg, særleg med tanke på min unike kombinasjon av ulastelege lilla ytre og kolsvart humor.

Status: Kronisk Singel
Utdanning: Livets skule, førstegenerasjon internettavhengig

Erfaring:
Har kyssa eit par gutar, kanskje tre, og nokon av dei fleire gongar til og med. Har god uttelling på å verte dumpa akkurat i det eg er overtydd om at dette er noko å satse på.

Svake sider:
Har vanskar med å gi uttrykk for kjensler og stå for eigne meiningar når det gjeld menn. Sjalu og eigesjuk, men nokså omgjengeleg. Lidenskapeleg forhold til fargen lilla, glitter og skulls. Dei tre siste gjerne i kombinasjon

Sterke sider:
Sarkasme, sjølvironi og raske slutningar i eigen disfavør. Er god på å tilpasse meg andre, og kan konversere med svigerforeldre og sære onklar utan problem. Likar fotball, hardrock og konsertar.

Utvalde kompliment frå tidlegare kontaktar:
- Akkurat passe tjukk
- Triggerhappy
- Blond på innsida