Det kriblar ekstra i tålmodet medan eg pakkar kofferten. Eg vert nok aldri god på det. Tålmodet vert enda litt meir tirra når eg kjem til flyplassen fem minutt før siste frist for innsjekking og innsjekkingsautomaten ikkje fungerer. Alt dette er heldigvis gløymt når eg endeleg sit i flysetet. Då kjem eg på at eg har gløymt ekstra linser og brillene er frå forrige århundre. Dermed er eg sikra fire dagar fullstendig utan stil. Men så aksellererer flyet og frykta for å fly står i fokus i eit par timar til me står fast på bakken.
Dagane i storbyen går fort om enn ikkje smertefritt. Gnagsår på begge lilletær, ømme fotblad og søkk i skuldra etter stadig veska med det aller mest naudsynte (kamera, våtserviettar, antibac, allergimedisin, almanakk, guidebok, notatblokk, paraply, gnagsårplaster, sminke, lommebok, telefon. Og åtte kulepennar). Velfortente pausar med thaimat, omnsteikt pizza, cupcakes, og ikkje minst pannekaker med is må til! Og store mengdar Starbucks kaffi. Der ein liten svart kaffi er det same som ein gigantisk kruttsterk espresso på norsk.
Merkeleg nok går eg som vanleg glipp av alle dei fantastiske kuppa eg hadde tenkt å gjere, og det er berre eg og ikkje kofferten som er tre kilo tyngre etter ei langhelg på den andre sida av Nordsjøen. Men litt bilete har eg knipsa i forbifarten.
Klar for avgang
Utsikt til Postmann Pat og venane hans frå hotellrommet
Covent Garden
Bling-butikk nær Oxford Street.. Litt vel mykje bling for ein stakkar stril
Skobutikk i Camden
Notting Hill
Portobello
Camden
Fransk bakeri - Notting Hill
Camden
Bilen "min"
London by Night
Shoppingresultatet
Detalj frå lommeboka/clutchveska eg kjøpte ved Portobello
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar