fredag 19. februar 2010

Ungdomskjelda for kvinner

Eg har funne ungdomskjelda. Du finn den i alle feitande matvarer. Trikset er å holde huda stram. Det gjer ein enklast ved å legge gradvis på seg frå rundt 20-årsalderen. Det er sjølvsagt eit føremon å vere slank i utgangspunktet.. Så det gjeld å planlegge alderdomen tidleg.

Eit anna, litt meir impulsivt tiltak er å sjå nervøs ut i kassa når du kjøper øl. Eller står i kø på uteplassen. Husk tuppert blondt hår, masse orange foundation, pudder og augesminke, og gå litt ustøtt på dei høge støvlettane. Og ikkje gløym å fnise som ein 16-åring. Dørvakta kjem garantert til å krevje legitimasjon, og kvelden er redda!

Eg har også funne ein fin måte å få opp sjølvtilliten på Vinmonopolet. Dette krever ikkje så mykje planlegging. Ta på joggebukse og gjerne hettegenser, og lag musefletter i håret. Samme sminkestil som nemnt over, om du har tid. Når du kjem inn på polet, velg ein billeg kvitvin. Gjerne ein tysk Riesling. Pass på at den er litt søtare enn du eigentleg klarar å drikke, og med høgast mogleg alkoholprosent. Velg så ut ein mannleg ekspeditør i starten av 20-åra. Han vil vere så nervøs for å fornærme deg at du garantert må fram med førarkortet her også.

Fortsatt god helg!

torsdag 18. februar 2010

Livet mitt

er som ein romantisk komedie. Eg har sjølvsagt ikkje hovudrolla. Nei, eg er den runde, dumsnille og litt naive bestevenninna til den mannlege hovudrolla. Ho som har eit ørlite håp om at han ein dag skal sjå at ho er der, ikkje berre som ei venninne, men som store Kjærleiken. Ho som blir gode venn med forloveden til kameraten sin (altså den vakre jenta som har hovudrolla i filmen), og som til slutt vert sittande heime som barnevakt medan det lukkelege paret tar ein velfortent frikveld frå den stressande kvardagen med karriere og tre vakre små barn.
Eller ho som no skal ut og ete kjøttbollar og bli enda rundare.

onsdag 10. februar 2010

Midtveke igjen

Denne veka er halvvegs, og godt er det. Mange møter og mykje styr på jobb. I morgon er det DumDum Boys som står på timeplanen, etter jobb og innebandy. Kanskje eg til og med er morosam igjen då.

tirsdag 9. februar 2010

Tomgang

Det er visst forbode å stå unødig på tomgang. Politiet i Bergen skal slå hardare ned på unødig tomgang, skreiv BT her for eit par veker sidan. Det gjeld heldigvis berre bilar. Så vidt eg veit. Menneske på tomgang forureinar ikkje, og så lenge det ikkje er til sjenanse for andre er det ikkje forbode å stå på samme stad og bruke opp energien utan å komme nokon veg.
I blant kjenner eg det som om eg har gått på tomgang lenge. Eg har ikkje flytta meg framover på mange år, verken fysisk eller mentalt. Og nokre dagar verkar det som eg kjører i revers. I nedoverbakke til og med. Ein vert svimmel av det.
I dag står eg berre på tomgang. Får håpe eg finn rett gir i morgon.

mandag 8. februar 2010

Mandag


Søndag var ein bra dag, ølet smakte ekstra godt til vietnamesisk sjømat, og bartendaren på favorittbaren var ekstra kjekk. Kanskje fordi søndag liksom skal vere familiedagen der ein skal ete kjøttkaker med mann, barn og svigerfamilie, og øl er forbode.

Mandag derimot har ikkje vore like idyllisk. Mykje å gjere på jobb, men eg har berre fått gjort ein brøkdel av det eg hadde tenkte. Ein svært liten brøkdel der nemnaren må minst vere tresifra. Men har i alle fall hatt ei lita økt med fotball. Mitt einaste fortrinn i dag var at eg er ganske brei, slik at eg slapp inn få mål då det var min tur til å vere keeper. Eg fekk til og med skryt frå eit par mannlege kollegaer. Men søt og takknemleg som eg er, veiva eg berre med armane og sa det er det som er fortrinnet med å vere feit. Så eg oppnådde akkurat det eg ville, dei såg ekstra etter på cellulittlåra mine, og sukka oppgitt.. I tankeboblene deira stod det "Ånei, der fiskar ho etter kompliment. Typisk jenter.. Og eg som trudde ho var litt mindre sutrete sidan ho speler fotball. Ho har sikkert mensen".

Men det har eg jo ikkje, så i morgon skal eg vere søt og grei og smile pent. Og late som eg er nøgd med fasongen. Som liknar meir på Michelinmannen enn på Sienna Miller.

lørdag 6. februar 2010

Helg

Eg ser eg var ute i går. Har stempel på kinnet og mascaradryss til haka. Kajalen er vassfast (vakkert nynorskord!), så den er framleis på plass. Dette er verkeleg god opplading til kafébesøk med ein gjeng helgefriske småbarnsforeldre! Sidan det er lørdag er det nok ikkje så mykje folk i Bergen sentrum heller, så det skal gå fint å finne bord og plass til alle. Me er jo berre ein 10-12 personar. Då er det berre å hoppe i vaskemaskina og henge klesvasken i dusjen, så er eg straks klar. Kajalen slepp eg i det minste å tenke på.

fredag 5. februar 2010

Fredag

Dagens horoskop:
"Lær deg å gi uttrykk for dine egne meninger. Selv om du møter på vanskeligheter, vil du klare å løse dem på best mulig måte. Romantikken blomstrer, og du er inne i en periode hvor livet er en dans på roser."

Men då er vel den helga i boks? Ikkje meir å seie..