søndag 6. juni 2010

Helga nærmar seg slutten

- eg må berre gjennom ein klesvask, ein fotballkamp og skifte sengklede først.
Det er nemleg svært roleg og avslappande og utan noko som helst kappløp med tida å vere singel og barnlaus. Eg får lov til å skru ned lampar, skru opp lampar, vatne blomar, fikse bilen (eller betale bilverkstaden for å gjere det), lage middag, ta oppvasken, skryte av middagen, vaske badet og stake opp tette avløp heilt åleine.
Og ikkje nok med det, eg har alltid tid til å ha vorspiel, nachspiel, ta i mot kaffigjestar som ringer på fordi dei er i området, gå ut med dei etablerte venninnene mine som har frihelg annankvar helg, kjøre halve dagen for å helgebesøk, besøke gamle onklar utan born i nærleiken, vaske ut andre sine hus når dei skal flytte eller gå på barnekino laurdag føremiddag. Kjøpe angrepiller for angrande venninner er sjølvsagt ikkje noko problem, det er ingen som ser skeptisk på deg når det er fjerde helga på rad. Innimellom tar eg sjølvsagt ein pause for å gå på jobb, men det er kun 40-50 timar i veka.
Så eg kvir meg til den dagen eg eventuelt skulle få mann og barn. Då får eg nok ikkje tid til kvalitetstid for meg sjølv i det heile!