mandag 26. desember 2011

Carrie Bradshaw?

Som mange jenter likte eg å følgje med på Sex og Singelliv,  og har sett begge filmane og min del av episodane om igjen. Og som mange andre, ville eg gjerne bytte delar av mi verd mot Carrie si. Men det var ikkje tilgangen på Jimmy Choos og Chanel, eller den stadig tilbakevendande Big som freista. For min del var heller den faste avisspalten til Carrie eg kunne tenkje meg. Tykte det såg så koseleg ut å sitje å skrive morosame og treffande innlegg om kvardagshendingar, små eller store.

Men enn så lenge sit eg og diktar opp mine eigne slagferdige setningar og ordspel, på bussen eller i bilen, på møte eller på venninnekveldar. Og ytterst sjeldan vert dei gjort om til noko anna enn tankespinn. Difor sit eg gjerne og lagar eigne imaginære avisspaltar i mitt eige sinn. Det er vel heilt normalt, vil eg tru?

Forfattar- og journalistlivet ser så glamorøst ut på film og seriar. Eg likar at rollefigurane ser ut til å arbeide hardt, men alltid med ein god kopp kaffi og ein luktfri sigarett i askebegeret. Ein sigarett dei lar brenne ut utan å ta eit trekk. Og dei vert alltid ferdige, og alltid med eit strålande resultat.

Merkeleg nok opplevde eg det aldri slik då eg var frilansar for ei av lokalavisene i mitt heimdistrikt. Det var aldri perfekt skrive, bileta vart aldri slik eg hadde tenkt, og det vanka heller aldri applaus når eg såvidt rakk deadline.

Kan hende var det utsikta over New York som mangla. Kanskje den fantastiske kaffikoppen, den retro skrivemaskina, eller den luktfrie sigaretten utan helsefare. For det mangla ikkje på spennande og inspirerande oppdrag. Bedehusopning med tungetale, turmarsjar i grisgrente strøk, julemesser distriktet rundt. Gjerne fire forskjellige julemesser, der hovudvariasjonen var fargevalet på dei hekla dorullnissane.

Nei, eg skulle nok hatt eit rom med utsikt. Og ei skrivemaskin med kulehovud og rettetast. Då hadde eg hatt min eigen morosame spalte i Bergens Tidende i dag.

tirsdag 18. oktober 2011

Dagens antrekk

Alle bloggarar med respekt for seg sjølv har eit fast innslag med dagens antrekk.
Tatt frå den rette sida og med kreativ posering. I alle fall alle motebloggarar.
Her kjem mitt antrekk frå søndag, med ein artistisk vri.
Det var svært interessant samansett kan eg hugse, kanskje du kan skimte det òg?.

onsdag 3. august 2011

Magiske tekstar

Eg likar å høyre etter på tekstane når eg høyrer på musikk. Først likar eg tonane og stemninga, men så må eg finne ut om orda også passar. Og lenge trudde eg at eg hadde ei nådegåve når det kom til å tyde meininga bak, eg kjende at eg nesten kunne lese tankane til artisten. For å vise verda mi openberring har eg difor plukka ut eit knippe av mine fantasifulle og svært så presise teksttolkingar.
I mange år trudde eg Don Henley song om ein fæl sommar der den sterke kjærleiken vart sett på prøve, men helten viste stort tolmod og det elskande paret kom styrka ut då den "giftige sommaren" var over:  Eg nynna med på "..my love for you will still be strong, after the poisoned summer has gone". Jau. Kven kunne ane at det var snakk om ei forsmådd mannleg grå mus som var litt misunneleg når "The Boys of Summer" fekk all merksemd frå drøymedama hans.
http://www.youtube.com/watch?v=UsqcDXizFmE

For ikkje å snakke om Daryl Braithwaite som så inderleg ønska seg sommar. Som vestlending var det lett å kjenne seg igjen i at juni, juli og august ikkje er samanfallande med sol og sommarvarme. Det er ikkje så lenge sidan eg fann ut at songen heiter "One Summer" - ikkje "I want Summer"..
http://www.youtube.com/watch?v=SB9OJ1IjBEc

Og så har du  Nirvanas "Polly". Eg kunne kjenne korleis Kurt Cobain hadde det - han var forelska i ei jente med narkotikaproblem. ("Polly was a crackhead"). Kanskje ikkje heilt ut av det blå, med tanke på Kurt og Courtney Love si kjærleikshistorie. Ikkje visste eg at stakkars Polly var ei ung jente som ville ha kjeks. Som eit desperat forsøk på å kome seg vekk frå sin kidnappar og valdtektsmann. ("Polly wants a cracker.. ")
http://en.wikipedia.org/wiki/Polly_(song)
http://open.spotify.com/track/7AUwhTIuxBn7Os76FPoIz7


tirsdag 19. juli 2011

Feberkreativitet

Det er merkeleg kor mange gode idear ein kan få når ein har feber. Idear til fantastisk interiør, nye klesplagg, kunstverk, og løysinga på intrikate jobbproblem ramlar inn. Feberfantasiar, tenkjer du? Eg skulle berre hatt ein eller annan lur innretning som kunne overføre alle genistrekane som gnistrar mellom impulsane i hjernen min. Og sortert dei i eit oversiktleg system, slik at eg har alt lett tilgjengeleg den dagen eg får tid og overskot til å gjere ideane om til produkt og handling. Då skulle du berre sett!

Inntil den dagen kjem, får eg nøye meg med å fordøye delar av alt det som renn forbi.


Men i dag fekk eg i alle fall ein lysande tanke som gav resultat. Eg stakk innom Fretex, og for usle femti kroner vart eg opplyst. Og det vart jammen stova mi òg!

søndag 19. juni 2011

Swinging London

Det kriblar like mykje kvar gong eg skal ut og reise. Og London vert eg aldri lei. Det kriblar i shoppingsenteret i hjernen, og i kredittkorta i lommeboka. Eg fantaserer om alle dei fantastiske kuppa eg skal gjere, all ny inspirasjon eg skal hente med meg.

Det kriblar ekstra i tålmodet medan eg pakkar kofferten. Eg vert nok aldri god på det. Tålmodet vert enda litt meir tirra når eg kjem til flyplassen fem minutt før siste frist for innsjekking og innsjekkingsautomaten ikkje fungerer. Alt dette er heldigvis gløymt når eg endeleg sit i flysetet. Då kjem eg på at eg har gløymt ekstra linser og brillene er frå forrige århundre. Dermed er eg sikra fire dagar fullstendig utan stil. Men så aksellererer flyet og frykta for å fly står i fokus i eit par timar til me står fast på bakken.

Dagane i storbyen går fort om enn ikkje smertefritt. Gnagsår på begge lilletær, ømme fotblad og søkk i skuldra etter stadig veska med det aller mest naudsynte (kamera, våtserviettar, antibac, allergimedisin, almanakk, guidebok, notatblokk, paraply, gnagsårplaster, sminke, lommebok, telefon. Og åtte kulepennar). Velfortente pausar med thaimat, omnsteikt pizza, cupcakes, og ikkje minst pannekaker med is må til! Og store mengdar Starbucks kaffi. Der ein liten svart kaffi er det same som ein gigantisk kruttsterk espresso på norsk.

Merkeleg nok går eg som vanleg glipp av alle dei fantastiske kuppa eg hadde tenkt å gjere, og det er berre eg og ikkje kofferten som er tre kilo tyngre etter ei langhelg på den andre sida av Nordsjøen. Men litt bilete har eg knipsa i forbifarten.


Klar for avgang

 
Utsikt til Postmann Pat og venane hans frå hotellrommet

 
Covent Garden

 
Bling-butikk nær Oxford Street.. Litt vel mykje bling for ein stakkar stril


Skobutikk i Camden

Notting Hill

 
Portobello

 
Camden

Fransk bakeri - Notting Hill

 
Camden

 
Bilen "min"

 
London by Night

 
Shoppingresultatet

 
Detalj frå lommeboka/clutchveska eg kjøpte ved Portobello

tirsdag 24. mai 2011

Mitt Bergen






Usinglifisert og lukkeleg

Eg er ikkje lengre singel, og per definisjon vaksen og på veg til å verte Vellukka med stor V. Eg manglar berre villa, volvo og vovvov. Men leilighet, småbil og hybelkaninar er då eit stykke på veg!

Det fine med at eg ikkje lengre er singel, er at all bekymring no har forsvunne. Som dogg for sola - eller som byfjella i askeskya, rettare. Eg treng ikkje lengre lure på om folk likar meg, eg slepp å tenkje på kva klede eg skal ta på, dusjing kan reduserast til eit minimum, eg sparar pengar på frisør, sminke og treningsstudio. Eg treng ikkje lengre vurdere om eg bør takke ja til drinken frå han kjekkasen i baren - fordi eg nesten har slutta å gå på by'n.

Å, så deilig det er å berre slappe av og nyte kjærleiken som strøymer mot meg!

Eller forresten.. Kva om mor hans ikkje likar meg, kanskje eksen var flinkare enn det eg er til å lage mat, kva om han tykkjer familien min er rar, kanskje har eg dårleg ånde? Er eg berre tidsfordriv til han finn nokon som er finare, tynnare og flinkare til å fortelle vitsar? Og som er betre på geografi og filmhistorie og ikkje likar fotball? For det er ikkje særleg feminint, eller?

Å, som eg misunnar dei som er single!

mandag 9. mai 2011

Award



For ei tid tilbake var eg er så heldig å få ein Award frå http://kreativemariet.blogspot.com/ - Tusen takk!
Sjølv er eg ikkje så god på dette med bloggutforming og lenkar og slikt - eg har berre ei skrivekløe eg ikkje vert kvitt.

Men skal gjere eit forsøk på å følgje opp.
Eg er altså utfordra til å skrive 8 ting om meg sjølv, og denne utfordringa går vidare til mine anbefalte bloggar




1. Eg er ingeniør
2. Eg har vore innom tanken på å skifte yrke - til lærar, sosionom, journalist og illustratør. Denne veka. Neste veke sveipar eg innom eit nytt utval
3. Eg er sta og vil helst klare alt på forsøk
4. Eg klarar sjeldan å konsentrere kun ein ting om gongen
5. Som naturleg følgje av nr. 4 er eg ikkje så god på å fullføre det eg startar
6. Er nyleg frelst frå "singel-helvetet"
7. Men eg tykkjer "singel-helvetet" har mange gode sider som eg kanskje skulle ha utnytta litt betre
8. Eg er stril og stolt av det

Så var den vanskelege jobben å velge 8 bloggar eg følgjer og som eg meiner fortener Award.. Har mest lyst til å bruke den gamle "ingen nevnt, ingen glemt.." - men her kjem eit utval:

1. http://kreativemariet.blogspot.com/
2. http://singelliv.vgb.no/
3. http://www.antibloggeren.com/
4. http://larsspiserdrikkerogsynser.blogspot.com/
5. http://brafint.blogspot.com/
6. http://1-2-3-draumeheimen.blogspot.com/
7. http://www.birdmuriel.com/
8. http://thomasl-mannogfar.blogspot.com/

Ein ny blank nøkkel i nøkkelknippet

Eg har husnøkkelen til kjærasten min i nøkkelknippet. Han er berre på lån.
Nøkkelen altså.

Ein fugl i handa..

..er betre enn ti på taket, seier uttrykket.
Denne fuglen skulle eg gjerne hatt PÅ mi hand:
http://home.marianilsdotter.com/shop/hand/raven-ring/

fredag 8. april 2011

The Times They Are a-Changin'

Ein dag vaknar ein og ser at ting rundt ein har forandra seg utan at ein heilt har registrert det.

Då eg skulle sende melding til ei barndomsvenninne ein søndag, som tilfeldigvis var morsdag, la eg automatisk inn ei morsdagshelsing. Dette ville eg aldri ha tenkt på for tre år sidan. Men no er alle venninnene frå barndommen mødre, og har på mange måtar gått forbi meg. Det einaste som er nokså likt, er timar søvn per natt. Sjølv om eg står i stampe i singeltilværet og får for lite søvn på grunn av fest, flørt og favorittseriar på DVD, ikkje barnegråt, amming og bleieskift. I blant tenkjer eg at eg ikkje har utvikla meg sidan eg som 25-åring fekk vitnemål og ingeniørring. Og kjende ei lita sorg over at ungdomstid og all moro var over, kun alvor og dårlege jobbutsikter venta.

Det var kanskje ikkje akkurat dette Bob Dylan meinte med teksten sin, men den passar. I alle fall for meg. For brått ser det ut som at tilværet er endra for min del òg.

Eg ser fram til helg, men er ikkje like rastlaus og klar for ein tur på by'n. Eg ligg leeenge i senga både laurdag og søndag, men ikkje fordi eg har lagt meg seint og drukke ei øl for mykje. Eg ser fotballkampar med lag eg ikkje bryr meg om, men ikkje for å gjere research før kampar mot "mitt" lag. Eg er mindre stridslysten i trafikken. Og blid mot min suraste kollega.

Det må vere noko i vatnet som har sløva meg ned. For det kan umogleg ha nok å gjere med dei blå augo eg ser for meg kvar gong eg lukkar mine. Eller dei fine, mjuke, store hendene som finn mine når eg snufsar av ei rørande scene på kino.

torsdag 27. januar 2011

Erfaring

Eg nærmar meg 35 med sjumilssteg og det er kanskje på tide å oppsummere erfaringar og oppdatere CV'en. Når det gjeld jobb, vert erfaringar, kurs og prosjekt oppdatert nokså regelbunde, men mitt personlege resymé over romantiske relasjonar er ikkje like oppdatert. Difor tenkte eg å gjere noko med det her. Det er greit å halde oversikta, slik at eg kan lese meg opp og repetere før neste stemnemøte. Eg reknar med det kjem nokså snart, for det har ikkje akkurat hagla invitasjonar i det siste. Eigentleg er det nokså merkeleg, særleg med tanke på min unike kombinasjon av ulastelege lilla ytre og kolsvart humor.

Status: Kronisk Singel
Utdanning: Livets skule, førstegenerasjon internettavhengig

Erfaring:
Har kyssa eit par gutar, kanskje tre, og nokon av dei fleire gongar til og med. Har god uttelling på å verte dumpa akkurat i det eg er overtydd om at dette er noko å satse på.

Svake sider:
Har vanskar med å gi uttrykk for kjensler og stå for eigne meiningar når det gjeld menn. Sjalu og eigesjuk, men nokså omgjengeleg. Lidenskapeleg forhold til fargen lilla, glitter og skulls. Dei tre siste gjerne i kombinasjon

Sterke sider:
Sarkasme, sjølvironi og raske slutningar i eigen disfavør. Er god på å tilpasse meg andre, og kan konversere med svigerforeldre og sære onklar utan problem. Likar fotball, hardrock og konsertar.

Utvalde kompliment frå tidlegare kontaktar:
- Akkurat passe tjukk
- Triggerhappy
- Blond på innsida