søndag 10. november 2013

Det glamorøse singelliv

Er du òg singel? Vaknar du kvar morgon i himmelsenga, før du strekkjer deg som ein katt i silkelakenet og står opp til ein ny frisk morgon med raw food og yoga, oppdaterer bloggen og går på jobb? Som suksessfull advokat i eit anerkjend firma, der du er den yngste partnaren nokon sinne?
Ikkje?

Nei, ikkje eg heller.

Men innimellom slår singellivet til med sine glamorøse øyeblikk: Som når du på veg til venninnekveld blir sjekka opp av ein student på ca 22. Sjølv om inntaket av flytande stimuli er nokså merkbart, kan du ikkje heilt unngå å verte smigra av at ein kjekk ung mann kallar deg søt - og det trass i at du var ferdig med ungdomsskulen då han vart fødd. Eller når du får sms frå selgjaren hos Canal Digital etter eit sjarmerande avslag på ei ny kanalpakke.

Men dette er nok meir unntaka.

Normalen er å vakne ein heilt vanleg søndag, litt småtørst og groggy etter ein kveld på byen. Aleine, i ein kald leilighet med tomt kjøleskap. Gjerne med eit par mindre flatterande bilete på mobilen - i form av "gruppe-selfies" og andre kvalitetsmotiv frå stampuben. Sjekkar utboksen på sms og Facebook: Puuhh - tom! Eller sletta du alt før du la deg til å sove? Med kjole og sminke på?

Då er trøysten at ein kan ha det akkurat så ryddig som ein vil. Eller rotete. Og den lilla sofaen, putane med paljettar, kattungar eller hovudskallemotiv treng ikkje godkjenning før dei kjem inn i stova. Du kan ete sjokolade før middag utan at nokon bryr seg. Du kan leve på havgregryn i ein månad for å spare til nye ski, sko eller ferieturar. Om kleda dine er for frekke, søte eller alternative er det ingen som rynkar på nasen før du går ut av huset. Og du kan sjå alle dei klissete filmane du vil utan protestar. Eller fotball - utan å krangle om kva kamp ein skal sjå.

Det gjer det kanskje litt lettare å leve med saknet etter å vakne på golvet fordi mannen din har breia seg i heile senga. Eller skjeggstubbar i vasken og på badegolvet. For ikkje å snakke om dei fem ekstra kiloa rundt magen etter at fredagskino med venninner er bytta ut med fredagstaco og film heime.

God singelsøndag!