torsdag 27. januar 2011

Erfaring

Eg nærmar meg 35 med sjumilssteg og det er kanskje på tide å oppsummere erfaringar og oppdatere CV'en. Når det gjeld jobb, vert erfaringar, kurs og prosjekt oppdatert nokså regelbunde, men mitt personlege resymé over romantiske relasjonar er ikkje like oppdatert. Difor tenkte eg å gjere noko med det her. Det er greit å halde oversikta, slik at eg kan lese meg opp og repetere før neste stemnemøte. Eg reknar med det kjem nokså snart, for det har ikkje akkurat hagla invitasjonar i det siste. Eigentleg er det nokså merkeleg, særleg med tanke på min unike kombinasjon av ulastelege lilla ytre og kolsvart humor.

Status: Kronisk Singel
Utdanning: Livets skule, førstegenerasjon internettavhengig

Erfaring:
Har kyssa eit par gutar, kanskje tre, og nokon av dei fleire gongar til og med. Har god uttelling på å verte dumpa akkurat i det eg er overtydd om at dette er noko å satse på.

Svake sider:
Har vanskar med å gi uttrykk for kjensler og stå for eigne meiningar når det gjeld menn. Sjalu og eigesjuk, men nokså omgjengeleg. Lidenskapeleg forhold til fargen lilla, glitter og skulls. Dei tre siste gjerne i kombinasjon

Sterke sider:
Sarkasme, sjølvironi og raske slutningar i eigen disfavør. Er god på å tilpasse meg andre, og kan konversere med svigerforeldre og sære onklar utan problem. Likar fotball, hardrock og konsertar.

Utvalde kompliment frå tidlegare kontaktar:
- Akkurat passe tjukk
- Triggerhappy
- Blond på innsida