fredag 8. april 2011

The Times They Are a-Changin'

Ein dag vaknar ein og ser at ting rundt ein har forandra seg utan at ein heilt har registrert det.

Då eg skulle sende melding til ei barndomsvenninne ein søndag, som tilfeldigvis var morsdag, la eg automatisk inn ei morsdagshelsing. Dette ville eg aldri ha tenkt på for tre år sidan. Men no er alle venninnene frå barndommen mødre, og har på mange måtar gått forbi meg. Det einaste som er nokså likt, er timar søvn per natt. Sjølv om eg står i stampe i singeltilværet og får for lite søvn på grunn av fest, flørt og favorittseriar på DVD, ikkje barnegråt, amming og bleieskift. I blant tenkjer eg at eg ikkje har utvikla meg sidan eg som 25-åring fekk vitnemål og ingeniørring. Og kjende ei lita sorg over at ungdomstid og all moro var over, kun alvor og dårlege jobbutsikter venta.

Det var kanskje ikkje akkurat dette Bob Dylan meinte med teksten sin, men den passar. I alle fall for meg. For brått ser det ut som at tilværet er endra for min del òg.

Eg ser fram til helg, men er ikkje like rastlaus og klar for ein tur på by'n. Eg ligg leeenge i senga både laurdag og søndag, men ikkje fordi eg har lagt meg seint og drukke ei øl for mykje. Eg ser fotballkampar med lag eg ikkje bryr meg om, men ikkje for å gjere research før kampar mot "mitt" lag. Eg er mindre stridslysten i trafikken. Og blid mot min suraste kollega.

Det må vere noko i vatnet som har sløva meg ned. For det kan umogleg ha nok å gjere med dei blå augo eg ser for meg kvar gong eg lukkar mine. Eller dei fine, mjuke, store hendene som finn mine når eg snufsar av ei rørande scene på kino.