
fredag 20. desember 2013
God jul frå frøken perfekt!
søndag 10. november 2013
Det glamorøse singelliv
Er du òg singel? Vaknar du kvar morgon i himmelsenga, før du strekkjer deg som ein katt i silkelakenet og står opp til ein ny frisk morgon med raw food og yoga, oppdaterer bloggen og går på jobb? Som suksessfull advokat i eit anerkjend firma, der du er den yngste partnaren nokon sinne?
Ikkje?
Nei, ikkje eg heller.
Men innimellom slår singellivet til med sine glamorøse øyeblikk: Som når du på veg til venninnekveld blir sjekka opp av ein student på ca 22. Sjølv om inntaket av flytande stimuli er nokså merkbart, kan du ikkje heilt unngå å verte smigra av at ein kjekk ung mann kallar deg søt - og det trass i at du var ferdig med ungdomsskulen då han vart fødd. Eller når du får sms frå selgjaren hos Canal Digital etter eit sjarmerande avslag på ei ny kanalpakke.
Men dette er nok meir unntaka.
Normalen er å vakne ein heilt vanleg søndag, litt småtørst og groggy etter ein kveld på byen. Aleine, i ein kald leilighet med tomt kjøleskap. Gjerne med eit par mindre flatterande bilete på mobilen - i form av "gruppe-selfies" og andre kvalitetsmotiv frå stampuben. Sjekkar utboksen på sms og Facebook: Puuhh - tom! Eller sletta du alt før du la deg til å sove? Med kjole og sminke på?
Då er trøysten at ein kan ha det akkurat så ryddig som ein vil. Eller rotete. Og den lilla sofaen, putane med paljettar, kattungar eller hovudskallemotiv treng ikkje godkjenning før dei kjem inn i stova. Du kan ete sjokolade før middag utan at nokon bryr seg. Du kan leve på havgregryn i ein månad for å spare til nye ski, sko eller ferieturar. Om kleda dine er for frekke, søte eller alternative er det ingen som rynkar på nasen før du går ut av huset. Og du kan sjå alle dei klissete filmane du vil utan protestar. Eller fotball - utan å krangle om kva kamp ein skal sjå.
Det gjer det kanskje litt lettare å leve med saknet etter å vakne på golvet fordi mannen din har breia seg i heile senga. Eller skjeggstubbar i vasken og på badegolvet. For ikkje å snakke om dei fem ekstra kiloa rundt magen etter at fredagskino med venninner er bytta ut med fredagstaco og film heime.
God singelsøndag!
mandag 3. juni 2013
Det kriblar
Forelska, seier du? Nei, dessverre. Våryr? Langt i frå. Det er noko anna som gjev meg denne altoppslukande kjensla. Nokre mikroskopiske kunstferdige figurar er opphavet: Pollen.
Velkommen vår, farvel uteliv.
søndag 2. juni 2013
Sjølvhjelp og oliven
Håpet har alltid vore at eg plutseleg skal vakne opp og vere perfekt. Tynn (no modifisert til mindre feit), veltrent, trendy. Karriere som stadig utviklar seg. Til det betre, sjølvsagt. I ei seng med silkelaken, i draumehuset og med ein fantastisk mann ved mi side.
Rart at det enno ikkje har vorte slik, med tanke på all den informasjon eg har slukt rå og deretter drøvtygd.
Men eg har no plukka opp eit og anna tips. Nokre råd er enkle, andre litt verre. Og sjølvsagt er det noko i det at ein må elske seg sjølv før andre kan elske ein, og at det er korleis ein tar ting som gjer heile skilnaden. Men koreis GJER ein det?
Her er mi liste:
1. Start med å godta deg sjølv. Du treng ikkje elske deg sjølv eller seie kor fantastisk du er til spegelbiletet. Som den erfarne menneskekjennaren du er, ser du fort om du lyg..
2. Gå gradvis over til å like deg sjølv. Som med kaffi, øl, raudvin, mørk sjokolade eller oliven; du likte vel ikkje det første gongen du prøvde heller? Sjå på deg sjølv som noko sofistikert som treng litt modningstid før du likar. Og kanskje til slutt elskar.
3. Det kanskje aller mest effektive tipset, og ikkje minst det aller enklaste, har eg lært av å sjå på flyvertinnene under tryggleiksinformasjonen. Og nei, det er ikkje platinablondt hår, raud leppestift og påmåla brunfarge, sjølv om desse triksa nok òg kan kome til nytte. Det er ei nokså enkel frase, fritt omsett gjennom sjølvhjelpsfilteret: Hjelp deg sjølv, før du kan hjelpe andre. Eller sagt litt tydlegare; for å vere noko for andre, må ein først ha det bra med seg sjølv.
4. Du kan eventuelt gløyme alt du har lest, vere deg sjølv, og slutte å samanlikne deg med naboen, kollegaen og barndomsvenninna. Kanskje du då finn ut kva som fungerer for deg. Om du i tillegg aksepterer at dei rundt deg er som dei er, kan det til og med hende du får nye vener. Det er kanskje det rimelegaste, men dårleg nytt for sjølvhjelpsindustrien.
5. Om du framleis gidd å lese dette, og ventar på noko revolusjonerande, seier eg som Frode Øverli i Pondus: "Ta deg en bolle!"
Kjelder:
-Ymse dameblad gjennom mine 19 vaksne år (rekna frå 18 årsdagen, ja). 17 av desse åra vart levd som singel, så eg har rukke over ein del.
- Hemmeligheter for kvinner og ... av ...
- Rori Raye og Christian Carter sine nettsider.
- Mennene rundt meg. Både dei
- "Syklubben".
- Tryggleiksdemonstrasjonen ombord på fly