tirsdag 13. april 2010

Facebookgenerasjonen

Er det eit fareteikn når store delar av tankevirksomheten vert brukt for å komme på ei slagkraftig setning for statusfeltet mitt, slik at eg er meir morosam og får fleire kommentarar enn dei 595 venene mine? Eller at eg venter på at vener skal logge seg på Facebook-chat'en slik at eg kan snakke med dei - i staden for å ringe eller sende ein sms?

Eg kom til å undre ein dag eg stod og vaska opp og tenkte ”Jill is…” hmmm kanskje ”Jill har ikkje oppvaskemaskin og må vaske opp for hand”.. Nei, ”Jill treng ein handy man som er god på kjøkkenet..” Det var då alle varsellampane blinka raudt. Eller var det kanskje blålystet frå ambulansen utanfor. Ein av fordelane med å bu eit par hundre meter frå legevakta.

Det verste er at eg har byrja gløyme kva eg gjorde før Facebook. Tenk at det skulle gå så langt at eg skulle seie ”Før Facebook”. Det er nesten like epokeavgjerande som ”før mobilen” eller ”før internett”. Og for underteikna kjennest litt vemodig at er så gammal at eg hugsar begge deler. Dei første åra eg budde på hybel (det heitte det då, før ”studioleilighet” vart eit moteord), måtte eg faktisk låne telefon av husverten (sjølvsagt mot betaling) eller bruke telefonkiosk. Men tilbake til tida før Facebook. Eg ønsker meg tilbake til den gongen eg var 20 og definert som del av Dessertgenerasjonen. Eg vil gjerne vere ein Crème brûlée.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar