fredag 9. april 2010

Fredag kom plutseleg!



Plutseleg fredag. Utan at eg heilt har fått med meg kva eg har brukt veka til. Men no er det atter helg og vår i lufta. Ein ny vår, som det heiter så fint. Eg tar fram støvsugaren og opnar ei flaske øl.
Eg kjenner meg som då eg var 16, på tide å finne fram dongerijakka (det var det den heitte då). Den fine steinvaska med overflod av små lommer med småstein som aldri heilt forsvann. Gå tur med klassevenninnene og håpe at ein av dei kjekke guttane i tredje klasse på allmenn skal kjøre forbi. Kanskje han med Golfen. GTI til og med. Me høyrer han på ein kilometers avstand, for han har sub i bagasjerommet og The Shamen på full guffe.. Kanskje me kan gå til bensinstasjonen og kjøpe smågodt for siste rest av vekepengane, og myse mot dei tøffe gutta som står bak hjørnet og røyker, eller speler på speleautomatane.
Men eit brak vekker meg frå ungdomsminnene frå landsbygda, vaskemaskina sentrifugerer så alt oppå brasar i flisene. På tide å ta helgeoppryddinga. Så kan eg drikke vin og sjå på gutta på Garage i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar