tirsdag 7. september 2010

Etablerte vener

.. er godt å ha.
Dei kan gi meg gode råd om kva som er gale i livet mitt. Særleg dei tinga eg ikkje var klar over sjølv. Sidan eg no er i midten av 30-åra kan eg ikkje lengre kle meg slik eg vil, eller ha håret slik eg pleier. Det må andre med betre smak ta seg av. Gjerne nokon som er mindre ute blant folk og les ferre motemagasin enn det eg gjer.

Og kosthaldet, treningsopplegget og arbeidssituasjonen må eg umiddelbart ordne på. Om eg er nøgd med det eg har, er ikkje så viktig. Det er jo ikkje likt det som er in i barselgruppa for tida, og ergo er det heilt feil.

Og ikkje minst bør snart eg få meg mann og barn. Om eg ikkje er nøgd med den kandidaten som vert plukka ut til meg (hans meining er irrelevant), bør eg pelle meg til Danmark og bli befrukta på kunstig vis så snart som mogleg. Eg har allereie passert 34 med over 2 månader, så om eg ikkje handlar raskt er det på tide å planlegge pensjon og alderdom som barnlaus og einsleg.

søndag 6. juni 2010

Helga nærmar seg slutten

- eg må berre gjennom ein klesvask, ein fotballkamp og skifte sengklede først.
Det er nemleg svært roleg og avslappande og utan noko som helst kappløp med tida å vere singel og barnlaus. Eg får lov til å skru ned lampar, skru opp lampar, vatne blomar, fikse bilen (eller betale bilverkstaden for å gjere det), lage middag, ta oppvasken, skryte av middagen, vaske badet og stake opp tette avløp heilt åleine.
Og ikkje nok med det, eg har alltid tid til å ha vorspiel, nachspiel, ta i mot kaffigjestar som ringer på fordi dei er i området, gå ut med dei etablerte venninnene mine som har frihelg annankvar helg, kjøre halve dagen for å helgebesøk, besøke gamle onklar utan born i nærleiken, vaske ut andre sine hus når dei skal flytte eller gå på barnekino laurdag føremiddag. Kjøpe angrepiller for angrande venninner er sjølvsagt ikkje noko problem, det er ingen som ser skeptisk på deg når det er fjerde helga på rad. Innimellom tar eg sjølvsagt ein pause for å gå på jobb, men det er kun 40-50 timar i veka.
Så eg kvir meg til den dagen eg eventuelt skulle få mann og barn. Då får eg nok ikkje tid til kvalitetstid for meg sjølv i det heile!

torsdag 27. mai 2010

Rome - and sweet home


Eg vert nok aldri ein riktig globetrottar, sjølv om eg har vore te byd'n meir enn to gongar. Eg tykkjer nemleg alltid det er like godt å vende nasen heimover - anten eg har vore borte to dagar eller tre veker. Eller rettare sagt, 17 dagar. Det er den til no lengste reisa eg har våga meg ut på. Til Brasil. For 7 år sidan..
Men tilbake til Roma, som var ein fantastisk by. Kanskje litt for fantastisk til å gape heilt over. Med sol, nydeleg pizza, delikat gelato, overdådige bygningar og gangavstand til alt. Og med nye historiske løyndomar rundt kvart gatehjørne.
Men likevel er det slik at eg gleder meg til å kome heim i det eg sjekkar ut av hotellet. Gleder meg til å bruke den nye fake skinnveska med naglar (nok ei), teste ut dei lilla solbrillene og sjå om den lilla ringen eg kjøpte til 11 Euro er like fin i norsk kontorlys. Og ikkje minst til å sove i senga mi, med ordentleg dyne.

tirsdag 13. april 2010

Facebookgenerasjonen

Er det eit fareteikn når store delar av tankevirksomheten vert brukt for å komme på ei slagkraftig setning for statusfeltet mitt, slik at eg er meir morosam og får fleire kommentarar enn dei 595 venene mine? Eller at eg venter på at vener skal logge seg på Facebook-chat'en slik at eg kan snakke med dei - i staden for å ringe eller sende ein sms?

Eg kom til å undre ein dag eg stod og vaska opp og tenkte ”Jill is…” hmmm kanskje ”Jill har ikkje oppvaskemaskin og må vaske opp for hand”.. Nei, ”Jill treng ein handy man som er god på kjøkkenet..” Det var då alle varsellampane blinka raudt. Eller var det kanskje blålystet frå ambulansen utanfor. Ein av fordelane med å bu eit par hundre meter frå legevakta.

Det verste er at eg har byrja gløyme kva eg gjorde før Facebook. Tenk at det skulle gå så langt at eg skulle seie ”Før Facebook”. Det er nesten like epokeavgjerande som ”før mobilen” eller ”før internett”. Og for underteikna kjennest litt vemodig at er så gammal at eg hugsar begge deler. Dei første åra eg budde på hybel (det heitte det då, før ”studioleilighet” vart eit moteord), måtte eg faktisk låne telefon av husverten (sjølvsagt mot betaling) eller bruke telefonkiosk. Men tilbake til tida før Facebook. Eg ønsker meg tilbake til den gongen eg var 20 og definert som del av Dessertgenerasjonen. Eg vil gjerne vere ein Crème brûlée.

fredag 9. april 2010

Fredag kom plutseleg!



Plutseleg fredag. Utan at eg heilt har fått med meg kva eg har brukt veka til. Men no er det atter helg og vår i lufta. Ein ny vår, som det heiter så fint. Eg tar fram støvsugaren og opnar ei flaske øl.
Eg kjenner meg som då eg var 16, på tide å finne fram dongerijakka (det var det den heitte då). Den fine steinvaska med overflod av små lommer med småstein som aldri heilt forsvann. Gå tur med klassevenninnene og håpe at ein av dei kjekke guttane i tredje klasse på allmenn skal kjøre forbi. Kanskje han med Golfen. GTI til og med. Me høyrer han på ein kilometers avstand, for han har sub i bagasjerommet og The Shamen på full guffe.. Kanskje me kan gå til bensinstasjonen og kjøpe smågodt for siste rest av vekepengane, og myse mot dei tøffe gutta som står bak hjørnet og røyker, eller speler på speleautomatane.
Men eit brak vekker meg frå ungdomsminnene frå landsbygda, vaskemaskina sentrifugerer så alt oppå brasar i flisene. På tide å ta helgeoppryddinga. Så kan eg drikke vin og sjå på gutta på Garage i morgon.

tirsdag 6. april 2010

Det boblar over

I dag boblar det over av kreativitet i mitt vesle hovud. Eg har så mange brilliante idear at det må vere noko gale. Eg ser kunstprosjekt i alt rundt meg og har strålande tankar om korleis eg skal møblere stove, kjøkken og soverom. Det er best eg ringer legen, eller kanskje eg skal stikke innom legevakta som ligg rett borti gata.. Men kanskje det rett og slett er det at eg har fått ut alt rotet frå boden i kjellaren som gjer heile skilnaden? Feng Shui i praksis?