tirsdag 24. april 2012

Ironi og sjokolade

Eg er glad i ironi på grensa til sarkasme, og er kanskje litt for flittig i bruken av verkemiddelet. Dette gjekk for alvor opp for meg ein dag eg ga min kjære eit kompliment og han spurte om eg var spydig.. Det er òg han som har gjort meg oppmerksom på mitt umettelege behov for sjokolade, og hinta om at sjokoladen nesten betyr meir for meg enn det han gjer.. Planen er difor å kutte ned på ironiforbruket på same måte som eg forsøkjer å kutte ned på sjokoladen: Gradvis og med ei og anna velfortent utskeiing.

Begge delar er i grunnen like vanskeleg.

Tilbake til ironien. Den har vore mitt våpen når kvardagen slår litt for hardt frå seg. Som når ein har tenkt å gå tidleg frå jobb ein fredag, og det haglar inn med hasteoppgåver. Då er det berre å nikke fint og seie "Ja, sjølvsagt - det er alltid like kjekt å bruke fredag ettermiddag på kontoret. Eg hadde jo ingen andre planar." Og om ein er riktig heldig, forstår ikkje mottakaren den krasse undertonen i stemma, og ein får enda eit par oppdrag på toppen.

Kanskje eg må endre strategi. Eg klarar ikkje å kutte både søtsaker og sarkasme. I alle høve ikkje samstundes. Difor lanserer eg ein ny strategi: Bitrare sjokolade og søtare ironi. Fungerer det, vel?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar