onsdag 19. mars 2014

Korleis bli dumpa på 10 dagar..

..eller 10 måtar å kvitte seg med ein potensiell mann


Du hugsar kanskje filmen "How to Lose a Guy in 10 Days"?
Kate Hudson, eller Andie som ho heiter i filmen, gjer alt ho kan for å bli dumpa av Benjamin, spelt av Matthew McConaughey. Eg skal ikkje minne deg på handlinga - du kan sikkert finne den på Viaplay eller Netflix om du treng ei oppfrisking. Poenget er at same kor ille ho oppfører seg, klarar ho ikkje å riste han av seg.

 
Berre gløym denne romantiske vranglæra. I røynda verkar det nemleg ikkje slik. Ikkje at eg nokonsinne har fått erfare dette, men eg har ein del veninner som har har opplevd at menn flyktar frå dei før dei dei får sukk for seg. Så dersom målet er å bli dumpa på kortast mogleg tid, følgjer her ei tipunkts liste med garantert effekt:
 
  1. Nemn ditt sterke ønske om (fleire) barn på første date, eller så tidleg som mogleg. Namngi dei gjerne òg. Berre ein liten advarsel: Forsikre deg om at han ikkje er interessert i barn på førehand, om ikkje kan dette slå heilt feil ut..
  2. Gi opp alle eigne interesser. Gjerne òg vener og familie.
  3. Rott deg saman med mor hans, og oppfør deg like overbeskyttande som ho. 
  4. Gjer alt for han. Lag mat, vask kleda hans, kjør han til trening, hent han etter trening, kjøp nye klede til han, gjer alle ærend for han. Du trudde kanskje dette ville halde på ein kjærast. Neida, om du ofrar alt, vert han lat, utakksam og sist men ikkje minst: full av forakt mot deg.
  5. Insister på å vere med når han skal drikke øl med kompisane. Særleg om det ikkje er andre jenter der. Eventuelt kan du tilfeldigvis dukke opp på stampuben og overraske han.
  6. Ta samtalen på andre date. Altså Samtalen med med stor S, ikkje ein heilt vanleg prat - nei, spør om han ser for seg ei framtid med deg. Kortid de skal gifte dykk, kor de skal bu og kor mange barn de skal ha er naturlege krydder i salaten, orsak: Samtalen.
  7. Bemerk kor dumme, tjukke og stygge alle damer rundt dykk er. Inkludert venninnene hans.
  8. Snakk støtt om kor dum, tjukk og stygg du kjenner deg. Gjerne kvar gong de har det travelt og du ikkje finn noko å ha på deg.
  9. Ombestem deg alltid når du har bestilt mat på restaurant. Når kelnaren kjem, seier du at du ikkje fekk lov til å ete så feitande mat - samtidig som du nikkar diskret mot daten din. 
  10. Ikkje ha sex på første date. Orsak - HA sex på første date. Og fell nokre tårer av glede fordi du aldri har opplevd noko så vakkert.

Dersom han ikkje er borte no, har han anten inngått eit veddemål med kompisane eller han er rett og slett veldig, veldig forelska..


 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar