tirsdag 26. oktober 2010

Tøys og fanteri

har det blitt lite av i bloggen i det siste. Det må eg kanskje gjere noko med.
Når eg les dei siste blogginnlegga mine framstår eg som ei bitter gammal peppermø, og det stemmer ikkje heilt. Håpar eg. Riktignok byrjar eg å dra litt på åra, men er jo ikkje direkte gammal enno. Og bitter håpar eg ikkje er rette skildringa, eller kanskje litt, som i bittersøt mørk kvalitetssjokolade. Men den velklingande tittelen peppermø er korrekt, eg er jo ikkje gift - og eg har framleis ein god del pepper i kjøkkenskapet etter 30-årsdagen for 4 år og 4 månader sidan.

Tilbake til tøys og fanteri. Den største bonusen med å vere singel er nettopp det at det ikkje er ein betre halvdel der som irriterer seg eller tar skade av dei sære og mindre kloke krumspringa ein gjer. Som å ha ein meny med kun havregraut laga av vatn i to veker fordi alle pengane har gått til klede, konsertar og øl, bytte ut middag med 200 g melkesjokolade, eller hoppe i sølepyttar på veg heim frå trening. Det siste skulle eg forresten klart å sno meg unna, sko og klede var jo likevel gjennomblaute. Det var absolutt ikkje noko å vinne på å gå i sikksakk rundt alt det våte. Kanskje litt verre å forklare at eg tok skikkeleg sats og avslutta med telemarknedslag.

søndag 10. oktober 2010

Ein mannsdominert arbeidsplass

er ein boost for sjølvtillita for ei singel jente i sin "beste alder".
Ein vert overausa med kompliment og kjenner seg som ei prinsesse kvar dag. Som då eg til ein forandring gjekk med skjørt. Eg fekk mange lange blikk, og spørsmål om eg hadde kledd meg ut som dame. Neste dag vart eg gjort merksam på kor utruleg lik eg er Beth Ditto. Det at ho brukar ein storleik eller ti større enn det eg gjer, og er glad i å opptre truselaus i minimale kjolar er små bagatellar me jenter ikkje heng oss opp i. Eg og Beth hadde i alle fall same pannelugg ein gong.

I tillegg er det kjekt å vite kva som er mi rolle i møter. Naturleg nok er det alltid eg eller ei av mine kvinnelege kollegaer som får æra av å ta notat. Og sjølvsagt er det ein uskriven regel at me må sørge for kaffi, oppvarting av kundar og rydding av møterom. Og innimellom får me òg ansvar for å rydde møterommet før bruk, dersom toppleiinga har vore der først. Der er det nemleg ingen kvinner representert, så då vert det litt vanskeleg å sette på plass kaffikanner og fjerne skitne koppar.

Det aller kjekkaste er kanskje bli kalla "lille venn" av plattformsjefen når ein er i Nordsjøen på plattformbesøk. Særleg når ein er der for å granske ei alvorleg hending der nettopp plattformsjefen er eit av dei viktigaste intervjuobjekta.

Ein annan fordel er at ein får ekstra sympati som kvinne. Som på ein hektisk dag i sommar, då eg ba om å få opne vindauga på møterommet fordi det var så varmt. "Du er nok berre komen i overgangsalderen, for det er ikkje varmt her!" kom det trøystande frå ein kollega. Det varmar hjartet når ein er 34 år gammal, barnlaus og singel.