lørdag 6. februar 2010

Helg

Eg ser eg var ute i går. Har stempel på kinnet og mascaradryss til haka. Kajalen er vassfast (vakkert nynorskord!), så den er framleis på plass. Dette er verkeleg god opplading til kafébesøk med ein gjeng helgefriske småbarnsforeldre! Sidan det er lørdag er det nok ikkje så mykje folk i Bergen sentrum heller, så det skal gå fint å finne bord og plass til alle. Me er jo berre ein 10-12 personar. Då er det berre å hoppe i vaskemaskina og henge klesvasken i dusjen, så er eg straks klar. Kajalen slepp eg i det minste å tenke på.

2 kommentarer:

  1. Du e faen meg så kul!!! Kan du ikke skrive lenger hver gang??? Sitter jo her og ler meg ihel av deg!!! Vi vil ha mer, vi vil ha mer!!!

    SvarSlett
  2. Takkar og neier! Ja, skal forsøke på det. Men har jo ikkje tålmod til å skrive så lenge om gangen.. Fortsetjing følger..

    SvarSlett